Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tone Holvik sluttar i Helse Førde

30. november har stadleg leiar ved Nordfjord  sjukehus, Tone Holvik, sin siste arbeidsdag i Helse Førde. Dermed sluttar ein av dei mest markante og allsidige leiarane i Helse Førde dei seinare åra.

Publisert 19.09.2022
Sist oppdatert 02.01.2024
Tone Holvik (62) har vore i Helse Førde i åtte år når ho no sluttar, på ein månad nær. I tillegg til jobben som den stadlege leiaren i Nordfjord, har ho leia utviklingsprosjekt i både Lærdal og Førde. Ho har også vore samhandlingssjef og avdelingssjef på ortopedisk avdeling.
​​
Ei kvinne i grøn kjole som står på ein veranda

ULIKE ROLLER: Tone Holvik kan sjå tilbake på nær åtte år som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Parallelt med denne jobben har ho vore prosjektleiar, samhandlingssjef og sjef for ortopedisk avdeling. 

- Det har ikkje mangla på arbeidsoppgåver i Helse Førde, seier 62-åringen som no er på veg tilbake til yrket ho eigentleg er utdanna for - som sjukepleiar i heimkommunen Kinn. 

- Det har vore spennande og utfordrande år i Helse Førde. Eg har blitt godt kjent med spesialisthelsetenestene i området vårt, og ikkje minst lært mykje om samhandlinga med kommunane. Eg kom jo til Helse Førde i ettertid av mykje strid og uro rundt lokalsjukehusa, og blei den første stadlege leiaren. For meg var det viktig å skape ro omkring sjukehuset i Nordfjord, og samtidig vise nordfjordingane at vi faktisk har eit fungerande lokalsjukehus. Eg trur eg har vore ei tydeleg røyst for lokalsjukehusa inn i føretaksleiinga i Helse Førde, samstundes som eg har vore oppteken av heilskapen i spesialithelsetenesta i Helse Førde. No blir det spennande å følgje utviklinga for lokalsjukehusa vidare.
 
Holvik framhevar også samarbeidet mellom psykiatrien og dei somatiske tenestene i Nordfjord som viktig og godt.
- No er det viktig at dette blir jobba vidare med, seier ho. - Eg gler meg til å følgje utviklinga vidare. 

Vi ønskjer Tone Holvik lukke til vidare med jobben som sjukepleiar i kommunehelsetenesta!