Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Musikkterapi fungerer

Snart eit halvår er gått med  musikkterapi i Helse Førde. For Kjetil Andreas Nydal har det vore draumejobben, å få hjelpe folk som slit psykisk og samtidig få drive med det kjekkaste han veit: Musikk.

Publisert 10.02.2023

​​Etter ein periode som musikkterapeut ved Sunnfjord musikkskule, såg han at det var utlyst ei nyoppretta stilling som musikkterapeut i psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

Full klaff
-
Jess, der er jobben min, tenkte eg, og søkte med ein gong.

Kjetil Andreas Nydal.JPG

MUSIKK OVER ALT: Kontoret hans på Dagabygget i Førde viser tydeleg kva det går i.

Det blei fullklaff mellom jobb og mann. Ein kan trygt seie at musikken er over alt for Kjetil Andreas: På jobb og i fritida. Musikken er limet som bind tinga saman: På jobben med pasientar, på fritida som kordirigent for tre kor i Førde. Og kven skulle tru det i møtet med den lågmælte, tilsynelatande beskjedne karen: Han er bassist i svartmetallbandet Nifrost, som legg ut på konsertturne i vår. I tillegg har han eit eige soloprosjekt og har også starta eit coverband saman med nokre LIS-legar her. Så fritidsproblem? Neppe.

Låg terskel 
- P
å jobb har eg vel enno til gode å møte nokon som ikkje har ei eller anna lenke eller tilknyting inn til musikken. Eg er alltid nyfiken når eg møter folk, «kven er du, samt du og musikk?». Så snakkar vi saman, og eg opplever at pasientane blir interesserte i kva eg kan tilby. Det endar som regel med at dei vil prøve å ha ein time. Musikk skaper rett og slett gode relasjonar.
I starten er terskelen låg.  Det kan hende at pasient og terapeut berre snakkar litt og høyrer på musikk i lag.

- Etter samtalen bygger eg vidare på det vi har funne fram til. Vidare speler eg gjerne litt og ser om pasienten er med på ein eller annan måte.

Desse pasientane kan vere folk som aldri har rekna seg sjølv som spesielt musikalske, og som aldri har spela noko instrument.

- Men det er alltid noko å finne hjå dei, noko å bygge vidare på.

Ønskekonsert
Kjetil Andreas servar alle postane på psykiatrisk klinikk. Det startar gjerne med ein telefon frå posten der pasienten er. Tilbodet er populært, og Kjetil Andreas ønskjer helst å fokusere på  dei som er innlagte over litt tid. Ofte kan han samle pasientar i grupper og det kan fort bli ein liten ønskekonsert. Pasientane er i alle aldrar. Målet for timane kan vere heilt konkret, som at dei lærer seg å spele eit instrument frå start eller å få friska opp gamle kunstar.

"No landa eg"
- Eg har hatt psykosepasientar og manipasientar som eg ser berre slappar heilt av. Det er forløysande for dei; ein sa til meg at «no landa eg!» etter at hen hadde sunge så flott. Musikk er både sterke minne og identitet!

Så nøgde har nokre pasientar vore med terapien at dei på eige initiativ har sendt Kjetil Andreas fleire sider lange takkebrev.

- Vi brukar nær allslags instrument, og vi lagar ofte eigne låtar. Eg opplever at dei kjem ut i andre enden med styrka sjølvkjensle, og eigarskap til det vi har gjort. Eg har mine mål for pasienten, og saman med dei andre her i klinikken kan vi ofte klare å gje pasientane den kjensla av meistring dei treng.