Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

10-års markering for døgndrift ved NPS Seksjon rus

Ved jubileumsmarkeringar kan det vere greit å sjå litt bakover, og kanskje også kike litt i krystallkula. Nettopp dette gjorde vi då ti år med døgndrift ved russeksjonen på Nordfjord psykiatrisenter vart markert.

Publisert 29.08.2023
Sist fredag markerte Seksjon rus ved Nordfjord psykiatrisenter dei første ti åra med døgndrift. Det vart eit interessant fagseminar, pluss både tilbakeblikk og litt om korleis framtida for utviklinga av tenestene ser ut. Rundt 60 personar møtte opp på markeringa i kinosalen i Operahuset Nordfjord, inkludert folk frå både spesialisthelsetenesta og kommunane. 
Arild Krogh Naustdal, Monica Vederhus, Trond F. Aarre.JPG

TIÅRSJUBILEUM: F.v. Arild Krogh Nøstdal, Monica Vederhus og Trond Aarre.

Dei fekk høyre Arild Krogh Nøstdal og Trond F. Aarre summere opp dei ti første åra og erfaringar dei har gjort seg, heilt frå den spede byrjinga i 2005 då russeksjonen vart utgreidd første gong. Bygget stod ferdig i 2009, men det herska i starten uvisse rundt oppstartstidspunktet.

Det vart tidleg laga funksjonsplan der organiseringa av tenestene stod sentralt, og systematikk i behandlinga og terapeutens kompetanse vart vektlagt tyngre enn spesifikk psykoterapi.  Empati, likeverd og positiv relasjon mellom pasient og behandlar har vore sentralt i denne tankegangen. I 2012 kom milepælane tett: I mars vedtok styret i Helse Førde driftsmodell for seksjonen, rusutdanning av personell starta, seksjonsleiar og ti interne vart tilsett og ei redusert drift starta opp på haustparten. Samtidig starta ein opp med ekstern rekruttering. Døgndrift starta opp i februar 2013.

Nokre stikkord for korleis NPS Seksjon rus har vore drive dei første ti åra:
  • Individualisert behandling, ikkje standardisert behandlingsopplegg
  • Systematisk tenesteutvikling
  • Verdiar, haldningar og kultur som det grunnleggande
  • Tillit framfor kontroll og mistru
  • Maktutjamning gjennom informasjon, medverknad, myndiggjering og måten seksjonen er organisert på

Nokre milepælar: 
2013: Co-produksjon
2014: Heilskapleg tilbod om fysisk aktivitet
2015: Tettare samarbeid med Nordfjord sjukehus om somatisk helse
2016: Husordensreglar og eigen kulturerklæring
2021: Miljøterapiprosjektet
2022: Miljøterapeut tilsett, oppstart akuttløype alkohol

Kva så med framtida?
I følgje avdelingssjef Trond F. Aarre må vi vente oss at stadig fleire eldre vil ha rusmiddelproblem i åra som kjem. 
- Samtidig ser vi at det blir meir alkoholrelaterte problem blant kvinner, og at det blir lettare tilgang på rusmiddel, sa Aarre. - I åra framover har vi som mål å hjelpe fleire utan å auke ressursbruken, gjennom meir effektive tiltak og strengare prioriteringar. Dette betyr mellom anna at pasientane må vere reelt motiverte til å motta hjelp.

Slik vil vi utvikle tenestene vidare framover:
  • Vi må bli opnare, tettare å forstå og bruke
  • Vi skal satse på kliniske tilbakemeldingssystem
  • Styrka oppfølging av pårørande gjennom gruppetilbod til familiar og lærings- og meistringstilbod
  • Tilpasse oss for å hjelpe fleire eldre og kvinner med alkoholproblem
  • Styrke samhandling med kommunane i heile opptaksområdet

Jubileums- og fagseminaret vart avslutta med ein fagdel med innlegg frå mellom andre erfaringskonsulent Monica Vederhus (Helse Førde), Eysteinn Udberg (Rusettervernet) og kommunelege i Florø, Jan Helge Dale.