Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

2023-jubilantane i Helse Førde

Fredag 1. desember var det tid for å heidre Helse Førde-veteranar med 25 og 40 års fartstid i helseføretaket. Kvar enkelt av dei 30 jublantane fekk med seg ei personleg helsing frå sjefen, gåvekort og - ikkje minst - ein hyggeleg middag saman med kollegar.

Publisert 15.12.2023
Folk oppstilt

Foto: Helse Førde

Dette er 25-årsjubilantane i Helse Førde 2023: Marie Rose Havn, Muharema Trnjanin, Venke Bakken, Eva Bruland, Maria Fernandez, Kjersti Lundekvam Hoff, John Arthur Kvamme, Elisabeth Opseth, Hilde Manseth Bjørhovde, Vibeke Fimland, Camilla Mæland Fosse, Katrin Annette Frøysa, Per Anders Johanssen Hornnes, Martha Ranveig Kjøllesdal, Bodil Kleppenes, Reidun Gunnvor Skaflestad, Jorunn Sollid, Janne Helen Vatne,  Janne Kristin Bjørkedal Yri, Are Mikael Lillebø, Beathe Førde, Jan Ragnar Myklebust, Øystein Sande, Kristin Margit Grodås. 

Før kvar enkelt etter tur vart heidra og feira, takka administrerande direktør Arve Varden for innsatsen dei erfarne medarbeidarane legg ned kvar dag for pasientane våre. Han også la vekt på at mange av jubilantane har fleire år framfor seg i arbeidslivet:

- Eg håpar og trur at Helse Førde i lang tid framover får stor nytte av den verdfulle fagkunnskapen og den store erfaringa de sit med, og at de finn meining og glede i å utføre arbeidet dykkar også i åra framover, sa han. - Eg har stor tru på at dykkar innsatsvilje og pågangsmot vil bli ei stor hjelp i dei utfordringane vi no står overfor. Dette fortener både de og alle dei andre kollegaene våre ein verkeleg stor takk for. 

Vi gratulerer alle 25-års og 40-årsjubilantar i Helse Førde 2023!

jubilantar

Foto: Helse Førde

Dette er 40-årsjubilantane: Bente Margrethe Espelund Eikås, Kirsten Lerum Indrebø, Anne Nilssen Magerøy, Aud Ramsli, Aina Karin Byrkjeland Russenes og Bodil Gunn Flesvik Skrede. Bak til venstre adm. dir. Arve Varden.

Jubilantar som ikkje deltok på markeringa: Randi Aven, Edel Hagen Fjellestad, Rønnaug Ann Birkeland Flaten,  Roald Apalseth, Anne Heidi Fuhr, Siv Hege Glorud, Beate Hårklau, Pål Iversen, Heidi Tangedal Skarstein, Jørund Andreas Volle.