Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

5000 møtte ikkje til timen i fjor

I 2022 var det beramma over 5000 konsultasjonar i Helse Førde der pasienten ikkje møtte. Samtidig stod rundt 7500 personar i ventelistekø.  - Ved å møte til oppsett time er du med på å ivareta vår felles helseteneste, seier fagdirektør Asle Kjørlaug i Helse Førde.

Publisert 27.02.2023
​I Helse Vest sitt område er vi blant dei flinkaste til å møte til sjukehustimen. Likevel skaper dei meir enn 5000 som ikkje møtte i fjor, problem i ein periode då Helse Førde er prega av lange ventelister og kapasitetsutfordringar innan nokre fagfelt.
 
- Eg håpar folk tenkjer på at spesialisthelsetenesta er eit felles gode, og at det er i alle si interesse å forvalte dette best mogeleg, seier Kjørlaug. - Dette inkluderer også at ein ber om å få endra timetidspunktet berre når dette nødvendig, til dømes dersom ein har fått forverra helsetilstand og treng raskare time på sjukehuset. 

I 2022 fekk Helse Førde nær 30 000 pasientønska avbestillingar, som resulterte i mykje ekstraarbeid med replanlegging og utfordringar knytt til utsending av viktig pasientinformasjon. 

- Når pasientane bidrar med sin del, skal vi i spesialisthelsetenesta jobbe endå meir med å tildele timar og yte nødvendig helsehjelp til dei som står i ventelistekø eller ventar på oppfølgingstime, seier fagdirektør Asle Kjørlaug.