803 fødslar i fjor
Talet fødslar i Helse Førde i fjor låg godt under føregåande åra.
Publisert 09.01.2023
Sist oppdatert 10.01.2023
Merk at dette er talet på fødslar, ikkje talet på fødde barn i Helse Førde.
Slik ser fødselstala ut dei seinaste åra:
- 2016: 891
- 2017: 934
- 2018: 863
- 2019: 871
- 2020: 826
- 2021: 931
- 2022: 803
Klokka 10.21, på årets første dag, vart vesle Millie Jordanger, 3914 gram og 51 centimeter, fødd på Førde sentralsjukehus etter at mamma Isabell hadde kjørt frå Sandane til sjukehuset i Førde same morgon. Vesle Millie stakk dermed av med tittelen årets nyttårsbarn 2023 i Helse Førde.