Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arild Krogh Nøstdal sluttar som stadleg leiar

I november i fjor haust vart Arild Krogh Nøstdal konstituert som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, og har hatt denne stillinga i tillegg til jobben som seksjonsleiar ved Seksjon rus ved Nordfjord psykiatrisenter. No vel han å konsentrere seg om den sistnemnde funksjonen, og gir seg som stadleg leiar litt før tida.

Publisert 14.04.2023
​- Dette er to stillingar som begge krev mykje, og eg ser no at arbeidsmengda blir for stor. Difor har eg meldt frå at eg må konsentrere meg om jobben ved NPS, seier Arild Krogh Nøstdal, som denne veka hadde møte med dei tilsette for å orientere om beslutninga. Krogh Nøstdal var opprinneleg konstituert som stadleg leiar i eit halvt år.
 
- Det har vore ein lærerik periode, og det har vore ei verdfull og positiv oppleving å møte så mange flinke folk i organisasjonen vår, seier han. - Likevel viste det seg at den samla arbeidsmengda vart for stor, og då er det berre å ta konsekvensen av det. 

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har vore tydeleg på at det skal vere ein stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Han ser ingen dramatikk i at Krogh Nøstdal no gir seg, nokre veker før det som opphaveleg var planen. 

- Eg ønskjer no å ha ein dialog med dei hovudtillitsvalde og føretaksverneombodet i vårt møte neste onsdag før eg bestemmer meg for kva eg gjer vidare, og vil komme tilbake til saka etter dette, seier Arve Varden.