Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barseltilbod opnar att

Barseltilbodet ved Nordfjord sjukehus opnar att 16. oktober.

Publisert 06.10.2023
Dronebilde Nordfjordeid sjukehus.jpg

NORDFJORD SJUKEHUS: Fødande får tilbake tilbodet om barselopphald frå måndag 16. okober.

​- 
Det er svært gledeleg at vi no kan opne barseleininga, seier avdelingssjef for kvinneklinikken i Helse Førde, Trude Hansen Folkestad.

Barsetilbodet med overnatting for kvinner og barn vart stengt før ferien. Årsaka var jordmormangel. I perioden frå før ferien har fødande som soknar til sjukehuset på Nordfjordeid,​ hatt tilbod om å få barseltida på Førde sentralsjukehus.

- I første omgang er det dei friskaste barselkvinnene som får tilbod om å ha barseltida ved Nordfjord sjukehus, opplyser Hansen Folkestad.

Sidan i vår har Helse Førde drive eit jordmorsenter ved sjukehuset. Her er jordmor tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Jordmorsenteret har også utvida opningstida for poliklinikktilbod frå klokka 08.00 til 20.00. 

- Nokre syns det er har stor verdi å kunne reise til kontroll etter jobb, seier avdelingssjefen.

Jordmorsenteret tilbyr no også fødselsførebuande kurs og ammekurs. 
Alle andre tenester enn barseleininga har vore i full drift gjennom sommaren.