HELSEATLAS:

Ein av sju fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt

I perioden 2018 til 2021 fekk kun ein av sju pasientar med akutt hjarteinfarkt standardisert rehabilitering. Dette trass i at effekten av slik hjarterehabilitering er svært godt dokumentert.

Publisert 29.09.2023
 Inkluderer vi også andre typar oppfølgingstiltak for pasientane, som lærings- og meistringskurs eller opptrening i spesialisthelsetenesta, er talet ein av fire. 

 Talet nordmenn som blir råka av akutt hjarteinfarkt er redusert med tre prosent kvart år sidan 2015, men framleis får årleg nær 11 000 pasientar akutt hjarteinfarkt i Norge. 
 
 Det nye Helseatlas hjarteinfarkt viser at 14 prosent, eller ein av sju pasientar, fekk standardisert rehabilitering etter akutt infarkt. Helseatlaset avdekkar også store, ugrunna geografiske variasjonar i graden av rehabilitering.

Aldersmessig var det tydeleg lågare prosentdel pasientar over 65 år som fekk rehabilitering etter hjarteinfarkt. I tillegg viser tala at rehabiliteringa varierte stort i omfang, innhald, organisering og kor raskt rehabiliteringa starta opp etter infarktet.
 
Helseatlas har undersøkt hjarterehabilitering i spesialisthelsetenesta på to måtar: Aktivitet registrert med rehabiliteringskodar (her kalla standard rehabilitering) og  standard rehabilitering pluss aktivitet registrert som lærings- og meistringskurs og/eller trening.

 Inkluderer vi dei sistnemnde aktivitetane, er det ein av fire pasientar som får oppfølging.  Helseatlas hjarteinfarkt viser også at tal innleggingar for eldre over 75 år er synkande, trass i at det no er fleire eldre i denne aldersgruppa.

Geografisk er det Finnmark som har klart høgast rate innlagte med hjarteinfarkt, og Oslo vest har lågast rate. Det nasjonale snittet for hjarteinfarkt-innleggingar (pasientar over 18 år) ligg på 2,8 per 1000 innbyggarar, og utanom Finnmark/Oslo vest var det relativt små geografiske variasjonar.

 Norge har ikkje eigne retningsliner for rehabilitering etter hjarteinfarkt. Ein støttar seg på europeiske retningsliner, samt Helsedirektoratet si Nasjonal fagleg retningsline for førebygging av hjarte- og karsjukdom.
Helseatlasteamet.jpg

 Helseatlaset er utarbeidd av Helse Førde (bildet), der prosjektgruppa har ei eiga ressursgruppe og kontaktar i fagmiljø og med fagpersonar i ulike deler av landet.  Frå venstre Maria Holsen, Knut Ivar Osvoll, Marte Bale, Oddne Skrede og Haji Kedir Bedane.

Her finn du heile det nye Helseatlas hjarteinfarkt: https://www.skde.no/helseatlas/v2/hjarteinfarkt/
  
Kontaktperson:
 Tone Norekvål   tlf. 990 44 635
  
FAKTA/Helseatlas
 
•  I Norge er det eit mål at heile befolkninga skal ha eit likeverdig tilbod av helsetenester på tvers av geografi og sosiale grupper.
•  Helseatlas er eit verktøy for å samanlikne befolkninga si bruk av helsetenester i ulike geografiske område, uavhengig av kor pasientene blir behandla.
•  Dei regionale helseforetaka har eit “sørge-for-ansvar» for at befolkninga i deira opptaksområde får forsvarlege spesialisthelsetjenester. Dette “sørge-for-ansvaret» ligg til grunn for analysane av variasjon i bruk av helsetenester. Uberettiga variasjon kan bety at «sørge-for-ansvaret» ikkje er tilstrekkeleg ivaretatt.
•  Helseatlas er utvikla og levert av Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord, og av Helse Førde i Helse Vest. Det var i 2015 at Helse Nord og Helse Vest fekk i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å utvikle eit nasjonalt helseatlas, i samarbeid med Helsedirektoratet.