Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ein nestor trappar ned

Torstein Solset har gått av som avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde. Solset tok til som leiar for kjøkkenet ved Førde sentralsjukehus, 18. april 1979.

Publisert 04.02.2023

​​

Avslutning Torstein Solset 1. februar 2023 1.jpg

- Du har vore med sidan sjukehuset starta. I dag må det difor vere rett å seie at det er ein nestor vi har med oss, sa administrerande direktør Arve Varden då avslutninga vart markert sist onsdag.

Sjukehuset har altså vore Torsteins arbeidsplass i tett på 44 år.

- Du er ein av dei som verkeleg har sett spor etter deg. Du har heile tida strekt deg etter å vere best og utvikle matforsyninga. Det står stor respekt av jobben du har gjort, heldt Varden fram.

Helge Robert Midtbø, direktør for drift og eigedom, trekte fram Solsets evne til å stå på.

- Du kunne vorte pensjonist for fleire år sidan. I staden har du heilt til i dag gått på med guts og pågangsmot, sa Midtbø som konstaterte at Solset leverer vidare ei god og driftig avdeling.

Heilt mållaus

Sjølv responderte den avtroppande avdelingssjefen med at han var «heilt mållaus» over dei gode orda. Heilt mållaus viste det seg likevel ikkje at han var, då han nytta høvet til å trekke fram fleire gode historier frå sine mange år. Han mimra om dei første åra då det kom folk kom flyttande til Førde frå inn- og utland for å starte sjukehuset.

- Vi var som ein storfamilie.

Solset slo fast at han har hatt ein fantastisk arbeidsplass der han har trivst, sjølv om det også har vore turbulente periodar.

Våpendragarar

- Det vi har fått til i matforsyning i Helse Førde har eg ikkje gjort åleine. For å lukkast i ein slik jobb må du ha våpendragarar med deg, medarbeidarar som stiller opp, tek tak og gjer ein jobb. Eg har hatt det. Vi hadde aldri klart å få til det vi har fått til i matforsyning, utan folk som er med på å dra lasset. 

Pensjonist på heiltid blir Solset likevel ikkje. Han skal det kommande året arbeide 20 prosent som leiar for eit prosjekt som skal gå gjennom arbeidsprosessar, arbeidsflyt og samhandling knytt til tenester som nyttar plan 0 ved Førde sentralsjukehus.

- No skal eg bruke kommande år til å lage ein plan for dette. Då eg kom i 1979 skulle vi starte eit heilt nytt sjukehus, men hadde ingen planar. Men det gjekk jo bra, trass alt.