Emma tok fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget, som den første i Helse Førde

Emma Kjøsnes Eriksson har vore i lære hos oss i Helse Førde i fire år. Nyleg tok ho fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget. Ho har vore det som er kalla ein YSK-lærling, det vil seie at ho både har yrkes- og studiekompetanse. Vi gratulerer med godt resultat!

Publisert 19.06.2023

Fagprøva gjekk over fem dagar, og kravde at kandidaten hadde gode fagkunnskapar, og kunne bruke eit breitt fagleg nettverk i Helse Førde organisasjonen. Begge delar lukkast ho godt med, og resultatet vart «Meget godt bestått».

- No er eg letta og veldig fornøgd med resultatet, seier Emma. - Eg har vore kjempenervøs, og har nok vore irritabel heime desse dagane.

- Emma kom til oss på Pasientreiser hausten 2019, då var ho 15 år. Ho har utvikla seg svært bra desse åra, fortel avdelingssjef Trude Njøsen Helgås. 
- No gler vi oss alle over at lærlingen vår har fått fagbrevet sitt. Det er vel fortent og ho hadde fått jobb hos oss på dagen! 

- Emma har vore ein eineståande ungdom å ha i lære. Ho har vore lærevillig og i forkant på det meste. Det finst ikkje problem, og ho tar utfordringar på strak arm. - No skal ho ha sommarjobb hos oss, og til hausten skal ho til Sogndal for å studere administrasjon og økonomi, seier Helgås.

2023-06-16_Helgås_Eriksson_Rye_Tvedt_8501_web.jpg

Emma vil bli sakna både fagleg og sosialt. Her saman med avdelingssef i Pasientreiser Trude Njøsen Helgås, Emma Kjøsnes Eriksson, saksbehandlar Sissel Anne Aarseth Rye og klinikkdirektør Børge Tvedt.​ 

- For oss i Helse Førde er det stor stas at Emma er den første lærlingen i kontor- og administrasjonsfaget. Vi har hatt ein betydeleg ressurs i henne under læretida. Eg har stor forståing for at ho vel å utdanne seg vidare, seier klinikkdirektør Børge Tvedt. 

- Eg må også seie at det er eit eineståande utdanningsløp det Emma har gjennomført, med fagbrev og studiekompetanse på fire år.