Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endra takstsoner endrar refusjon for reiser til sjukehus

Endra takstsoner for kollektivtransport gjer at ein del pasientar som før fekk dekka reise til sjukehus, ikkje lenger får det.

Publisert 05.07.2023
Skyss takstsoner.JPG

Kartet viser takstsonene for kollektivreiser i Vestland. Kjelde: Skyss

Hovudregelen er at reiser innanfor ein takstsone ikkje vert dekka av Pasientreiser. Dette gjeld uavhengig av transportmiddel. 
I samband med at Sogn og Fjordane og Hordaland gjekk saman til Vestland, gjekk kollektivsystemet over til Skyss frå i fjor sommar. Det førte til endringar i takstsoner, noko som igjen har endra pasientreiseordninga.

Avisa Firda har i dag eit oppslag om ein pasient frå Solund som skulle til mammografi på Førde sentralsjukehus. Før fekk sulingane dekka reisene til Førde. Etter endringane i takstsoner får dei ikkje det. Årsaka er at Solund og Førde er i same takstsone.

Takstsone-endringane gjer at ein del pasientar som før fekk dekka reiseutgifter, ikkje lenger får det, noko Pasientreiser har fått reaksjonar på.

- Eg har forståing for nokre av tilbakemeldingane vi har fått, men vi må følgje det nasjonale regelverket. Det er ikkje Pasientreiser som har forandra sine reglar, det er takstsonene som er endra, seier avdelingssjef på Pasientreiser i Helse Førde, Trude Njøsen Helgås. 

Det er to unntak frå hovudregelen om at reiser innanfor ein takstsone ikkje vert refundert. Dersom behandlar dokumenterer at det var nødvendig å bruke privat bil eller drosje av helsemessige årsaker. Dersom du ikkje rekk timen ved å bruke offentleg transport, kan du også få dekka utgifter innanfor ein takstsone.

Regelverket finn du på nettsidene til helsenorge.no.