Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Harald Fenn sin kunst inn i Livabygget

Kunstnaren Harald Fenn skal smykke ut glaskorridoren mellom gamalt og nytt sjukehusbygg. Skissene av kunstverket er så flotte at forventningane til det ferdige resultatet er store.

Publisert 12.06.2023

Med eit år igjen av byggetida på det nye sjukehusbygget, er det gjort avtale med kunstnaren Harald Fenn om utsmykking av glaskorridoren mellom nytt og eksisterande bygg. Verka er farga transparente foliar som skal monterast på vindauga i korridoren, eller skywalken frå Svanabygget og over til Livabygget. 

Harald Fenn om kunstverket ​

- Førde er omgjeven av høge fjell og vakkert naturlandskap. I mitt virke som kunstnar har måleriet ofte ein ståstad og eit utgangspunkt i naturen, der illusjon og abstraksjon går hand i hand. Arbeid kan komme til syne som lysskimrande naturframstillingar bak ein grid av abstrakte linjer, som skapar ein optisk, romleg verknad i ulike lag, seier Harald Fenn.

Harald Fenn_glaskunst_07_justert_web.jpg
Glasfasaden sett frå sør. Illustrasjon av Harald Fenn. 

Å skape kunst til eit sjukehus er ikkje beint fram

- Kunst til sjukehus er alltid litt spesielt. Vi kjem ikkje på sjukehus på grunn av kunsten. Vi er her fordi vi er sjuke eller fordi vi har nokon som er det. Det er ein samanheng som gjer oss vare for ting, fordi det blir opplevd innanfor ei anna ramme enn kunst elles. Det må eg ta omsyn til, seier Fenn. 
 
Natur dannar eit grunnelement i kunsten i den nye glaskorridoren. Her er ein ide om vekst, ein plante som spirer og gror. Alt frå eit tynt strå som vaiar i vinden til eldgamle kraftige eikerøter. 

- Eg har laga eit enkelt flettverk av linjer som snor seg opp gjennom etasjane i vindauga, og som bind saman det nye og det gamle. Det har vore viktig for meg at desse linjene går frå eit vindauge til eit anna i same etasje, men òg mellom etasjane. Når du ser fleire etasjar utanfrå vil du sjå at desse linjene bind seg til dei andre etasjane og at dei veks oppover i ein samanheng, seier Fenn.
 ​
Harald Fenn_glaskunst_07_sør.jpg
Glaskorridoren i sjuande etasje. Fotoillustrasjon av Harald Fenn.

Kan du fortelje litt om korleis du arbeider?

- Arbeidet med slike prosjekt er ofte ein deltalrik og komplisert prosess i starten. Så forenklar eg og skrapar det ned slik at det blir tydelegare og tidlaust. Dette er ikkje kunst som folk står og ser på. Vi går forbi og skimtar det i sidesynet. Det må ikkje vere for komplisert eller for påtrengande, seier Fenn.

I den enkle streken ligg det òg andre sjansar for tolking, skriv Fenn i ein presentasjon av kunstverket sitt. Ei linje på eit kart, kjenneteiknet for ein sti, ein veg eller ei elv. Linjer som inviterer til reiser til ukjente stadar, eller draumar om heilt andre. Ein vassveg kan òg vere utgangspunkt for kraftproduksjon, for industri og modernitet. Heile dette potensialet ligg i den enkle streken – ei spire til liv, til nysgjerrigheit, til forandring, til draumar.

Fargepaletten i etasjane på Svanabygget har Fenn teke med deg inn i arbeidet. Det er eit tydeleg samband mellom fargen i glaskunsten og fargen i etasjen. 

- Når lyset kjem gjennom vindauga vil det lage farga skuggar inne i rommet. Å sjå det velkjende ute gjennom ulike fargar kan òg gje oss heilt nye opplevingar. Fargar gjev liv og forsterkar tanken på plantar som veks, avsluttar Fenn.  

Harald Fenn_glaskunst_05_sør.jpg

Glaskorridoren i femte etasje, etasjen til Kvinneklinikken, føde/barsel og barneavdelinga. Utsikt i sør er Hafstadfjellet. Fotoillustrasjon av Harald Fenn.

Helse Førde og kunstsamlinga vår

Glaskunsten som Helse Førde har kjøpt av Fenn inngår i ei stor og innhaldsrik samling kunstverk i Helse Førde. Dette er ei samling som vi er stolte av og som vi forvaltar etter beste evne. Harald Fenn er ein anerkjent norsk kunstnar. Namnet hans kompletterer på ein fin måte dei andre velrenommerte kunstnarane som er representerte i sjukehusbygga våre i heile fylket. Namn som Ludvig Eikås, Oddvar Torsheim, Knut Rumohr, Elisabeth Haarr, Henry William Singer, Bodil Cappelen, Brit Smelvær, Geir Hjetland, Aase Kvikne Bjordal og mange, mange fleire.

Lenke til kunstsidene våre på Helse-forde.no: Kunst - Helse Førde (helse-forde.no)

Harald Fenn - Utstillingar og Samlingar

IMG_E8384 web.jpg

Harald Fenn er utdanna ved Statens Håndverks og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi. Han arbeider som målar og grafikar.  
Fenn har i løpet av dei siste åra
stilt ut på galleri og museum i Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen. Han er kjøpt inn av Museet for samtidskunst, Astrup Fearnley samlinga, Sørlandets kunstmuseum, Statoil, KLP, Hydro, Nordea i tillegg til ei rekke private samlingar.