Heidi Vederhus på plass som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus
Heidi Vederhus (52) er på plass i stillinga som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Ho har lang fartstid frå kommunal sektor innan tenesteområda helse, sosial og omsorg, og kjem frå stillinga som kommunalsjef for helse- og sosial i Stryn kommune.
![Ei kvinne med briller som står i ein sjukehuskorridor](/4ac145/contentassets/44fec6d056e84d978a3d050dbf52a12d/vederhus-heidi---nsh1.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Foto: Helse Førde
- Det har vore ei spennande første veke med mange inntrykk. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene som ligg framfor meg, og til å bli kjend med spesialisthelsetenesta frå andre sidan av bordet, seier Vederhus.
Ho tek med seg god kunnskap om samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta i arbeidet, etter 12 år som kommunal leiar der ho blant anna har leia nettverket for kommunalsjefar innan fagområdet helse- og omsorg i Nordfjord og Sunnfjord. Tidlegare har ho også hatt ulike stillingar i Vågsøy og Selje kommune, og kjenner soleis regionen godt.
- Det å forstå innbyggjarane sine behov og ønsker, samstundes som eg kjenner godt prosessane i kommunehelsetenesta, vil vere nyttig i den rolla eg no trer inn i, seier Vederhus.
Utviklingsarbeid med Nordfjord som fokus
Ho har god kjennskap til det gode og viktige tenestetilbodet Helse Førde har i Nordfjord, og ynskjer å få til eit endå tettare samarbeid med kommunane i området rundt.
Denne veka har ho gjort seg kjend fleire stadar i Helse Førde. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere ved Nordfjord sjukehus, men noko reiseverksemd kjem med som ein naturleg del av rolla. Ho ser også fram til å bidra inn i fag- og utviklingsarbeidet til føretaket.
- Det blir viktig for meg å bidra i utviklingsarbeid i føretaket, der resultata vil ha stor betydning for lokalsjukehuset og området vårt, avsluttar ho.
![To kvinner som står i ein korridor på eit sjukehus](/4ac130/contentassets/44fec6d056e84d978a3d050dbf52a12d/img-5287-k.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Foto: Helse Førde