Heidi Vederhus tilsett som stadleg leiar i Nordfjord
Heidi Vederhus er fast tilsett som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus. Ho startar i stillinga 1. november i år.
Vederhus er 52 år, utdanna sosionom og kjem frå stillinga som kommunalsjef helse og sosial i Stryn kommune, der ho har vore tilsett sidan 2017. Før dette var ho tilsett som tenesteleiar i Vågsøy kommune. Ho er busett på Nordfjordeid.
- Eg gler meg til å bidra i spennande utviklingsarbeid i Helse Førde, der resultata vil ha stor betydning for lokalsjukehuset og området vårt.
Vederhus har mellom anna fullført masterprogram i helseleiing og toppleiing ved BI. Ho har i etterkant bidrege til vidareutvikling av desse programma.
Administrerande direktør Arve Varden er glad for at Vederhus har takka ja til jobben som stadleg leiar.
- Hennar erfaring og kompetanse frå kommunal sektor vil vere viktig for oss i arbeidet med å få til gode og saumlause tenester i framtida mellom nivåa.
Det var 14 søkjarar til toppstillinga ved Nordfjord sjukehus.