Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde-ambulanse levert til Ukraina

- Bilen har gått som ambulanse i Lærdal, seier Geir Berge Øverland, og forsikrar at Caravellen til Helse Førde frå 2013, har mange gode år framfor seg. Det kjem vel med når den no skal gjere nytte for seg i det krigsherja Ukraina.

Publisert 24.05.2023
Sist oppdatert 26.05.2023
Øverland kjørte sjølv bilen frå Førde og på turen delte han på rattet med Roald Flodsand under den lange turen ut av Norge, gjennom Sverige og Polen fram til Vest-​Ukraina og millionbyen Lviv.

Alt etter planen 
- Turen gjekk svært bra og heilt etter planen, fortel Geir Øverland. – Bilen gjekk som ein draum, og vi stoppa berre for drivstoff og litt etterfylling av olje. Vel framme overleverte vi ambulansen til representantar for det ukrainske militæret, faktisk ei mor og ei dotter, var svært glade for støtta og godt nøgde med bilen. 
Ambulansebilen er ei gåve frå Helse Førde, og blir formidla gjennom det friske initiativet Fotball for Ukraina, som har røter i Lærdal. Tiltaket er også støtta av Norges Fotballforbund sentralt. 
- Vi hadde også med oss ei mengd fotballtrøyer som skal komme ukrainske ungdommar til gode, fortel den pensjonerte overlegen frå Lærdal sjukehus.
Fotball for Ukraina står bak initiativet, iverksetjinga og leveringa. Alt er blitt til gjennom ulike donasjonar inn til fotballtiltaket.
ambulanse Ukr1.jpg

OVERLEVERING: Bilen har tent Helse Førde i fleire år, og får no eit nytt liv i teneste for ukrainsk militære i Lviv. 

Resultatet har blitt fleire hundre tusen til formålet, som er å stø det ukrainske folket. Men den ti år gamle, basisutstyrte firehjulstrekkaren har dei fått vederlagsfritt frå Helse Førde.
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er svært tilfreds med å få vere med og donere kritisk utstyr til Ukraina.
- Vi har 35-40 bilar aktive til eikvar tid, seier Varden. - Naturleg nok så byttar vi ut bilar regelmessig.
Han forsikrar at dette er materiell som framleis har mykje å gje, og som kan utgjere eit svært verdfullt tilskot til eit folk og samfunn i ein vanskeleg situasjon.

Kostar 2,5 mill som ny
- Korleis kom Helse Førde på bana?
- Vi fekk spørsmål frå Lærdal om tilgjengeleg materiell til å senda nedover. Dette var vår sjanse til å medverke, og det var noko vi fylgde gjerne opp.
Bilen har gått sine 400.000 kilometer og har bytt motor ein gong. 
- Ein ny slik ambulansebil, fullt utrusta, kostar to og ein halv millionar kroner. Det er sjølvsagt ein viss alder og brukshistorie på dei kjøretøya vi stiller til disposisjon på dette viset, seier Arve Varden, men er klar på at det slett ikkje er skrap som blir donert. 

ambulanse ukr2.jpg

FOTBALLTRØYER OG BIL: Roald Flodsand frå Fotball for Ukraina (til venstre) og pensjonert Helse Førde-lege Geir Berge Øverland overleverte materiellet etter ein vellukka tur. 

Bilen er blitt passa godt på heile vegen, men Varden presiserer at dei sender ikkje ned ein etter norsk standard komplett operativ ambulanse.
- Men vi snakkar heller ikkje om ein bil som er ribba for utstyr, alt basisinventar for ambulanseformål er med, også inkludert eit sett vinterhjul.  Ei norsk EU-godkjenning vart då også gjennomført på ambulansebilen tett før avreise.
Geir Øverland og Roald Flodsand er no tilbake etter ein lang biltur. Den vart avslutta i millionbyen  Lviv vest i landet. Etter overleveringa sette dei to seg på rutebussen til Warszawa i Polen, og derfrå tok dei flyet heim til Norge etter ei fire dagars ​​​reise.