Helse Førde manglar 100 mill.
Behovet for innsparingar i helseføretaket vart varsla tidleg i vår. Vi ser allereie no at tiltaka som vart sett i verk, har gjeve resultat – men ikkje nok. For alt tyder på at helseføretaket vil mangle kring 100 millionar kroner ved inngangen til 2024.
Publisert 15.09.2023
- Eg vil aller først berømme organisasjonen og dei tilsette for jobben som er gjort. Vi ser at forbruket på fleire område er lågare i år samanlikna med 2022, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden. - Blant anna ser vi at overtidsbruken i år er redusert med 17000 timar, og vi har avvikla sommarferieperioden med 9300 færre timar enn i fjor.
Helse Førde vil likevel ikkje klare å møte resultatkravet på 20 millionar kroner i 2023, og med dette utgangspunktet vil innsparingskravet i 2024 totalt bli på omkring 100 millionar kroner. Det er mager trøyst at også dei øvrige helseføretaka i Helse Vest slit økonomisk, og frå
sentralt hald er det så langt ingen signal på at rammene til føretaka vil bli ytterlegare auka.
- Vi må no vurdere yttelegare tiltak. Det betyr at vi må sjå på bemanning, planlagte investeringar og organiseringa vår. Dette kan omfatte tiltak som vil vere meir inngripande enn kva vi har sett så langt, seier Varden.
Neste år tek Helse Førde i bruk det nye Livabygget, noko som tilfører føretaket 13000 nye kvadratmeter å drifte, med dei kostnader dette fører med seg.
- Dersom vi ikkje greier å tilpasse kostnadene til dei økonomiske rammene vi har, kan framtidige investeringar måtte utsetjast. Situasjonen er alvorleg, og neste års budsjett vil bli svært stramt, seier Varden.