Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde treng lokale til seks ambulansestasjonar

Helse Førde skal inngå nye leigeavtalar for ambulansestasjonar i Stryn, Årdalstangen, Luster, Lavik, Florø og Svelgen. Kontraktene varer i 15 år, med mogelegheit for forlenging i fem år.

Publisert 07.03.2023
​Helse Førde har i dag 17 døgnbemanna ambulansestasjonar, fordelt over heile fylket. På seks av desse lokasjonane skal Helse Førde ut i marknaden for å sikre nye leigeavtalar, der utleigar anten kan oppgradere og tilpasse eksisterande bygg til dagens krav, eller bygge nytt. Leigeavtalane for Helse Førde sine stasjonar blir inngått via Sykehusinnkjøp HF, og gjennom Doffin er det ope for utleigarar å vise interesse. 

Krava til ein ambulansestasjon er omfattande med tanke på utstyr og funksjonar for tilsette som er på stasjonen gjennom heile døgnet når dei ikkje er ute på oppdrag. Arbeidstilsynet har utarbeidd ein nasjonal rettleiar til ambulansestasjon som arbeidslokale, og kva denne skal innhalde for å innfri gjeldande forskrifter. Desse funksjonane er til dømes oppvarma garasjar, garderobar med rein og urein sone, samt lager for utstyr og treningsrom. I tillegg er stasjonen bupæl for personellet i vaktperiodar over fleire døgn og det krevst både soverom med dusj og toalett, opphaldsrom, kjøkken, kontor med meir. Stasjonen er eit døgndrive yrkesbygg som bør ha sentral lokalisering med omsyn til utrykkingstider og ligge skjerma for område med støy. 

Stasjonane som no er lyst ut er: Stryn (stasjon for to bilar), Luster (stasjon for ein bil), Lavik (satelittstasjon), Årdalstangen (satelittstasjon), Florø (stasjon for to bilar) og Svelgen (satelittstasjon). Satelittstasjonar er einbilstasjonar kor personellet startar og sluttar sine skift på hovudstasjon. Krav til garderobe og møterom kan her vere noko justert. Frist for utleigarar å melde interesse er 14. april 2023.