Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Justisministeren fekk sjå ambulansebåten i Solund

Justisminister Emilie Enger Mehl introduserte denne veka eit nytt nødvarslesystem på mobil, men det vart også tid for Helse Førde til å vise statsråden den nye, flotte ambulansebåten i Solund.

Publisert 12.01.2023
​Med det nye nødmeldesystemet kan styresmaktene varsle alle innbyggarar i eit gitt område med mobilmelding når det skjer større hendingar som naturkatastrofer, brann, ulukker eller andre forhold som vil  kunne påverke mange menneske. 

Justisministeren fekk også omvising på den nye ambulansebåten i Solund, saman med mellom andre administrerande direktør og ambulansesjef Stian Sægrov frå Helse Førde. Ho fekk også sjå korleis ein redningsmann kan firast ned på ambulansebåten medan den er i fart.

Kjekt å kunne vise fram ein av landets beste og mest moderne ambulansebåtar for statsråden!
2023-01-11 Ambulansebåt-justisminister.JPG


​PÅ BESØK: Justisminister Emilie Enger Mehl (nummer to f.v.) fekk omvising ombord på den nye ambulansebåten i Solund, og fekk også demonstrert korleis ein redningsmann blir firt ned på toppdekket under fart. Her saman med ambulansesjef Stian Sægrov, administrerande direktør Arve Varden og Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad.​
Amb pers og just minister.JPG

PÅ DEKK: Statsråden fekk også møte ambulansearbeidarane ombord: Frå venstre Tore Yndestad, Kristoffer Rørvik, Emile Enger Mehl, Kjell Mjåtvedt og Hogne Kirkebø.