Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kampanje for å førebygge sjølvmord

I Noreg er det kvar dag 1-2 personar som tek sitt eige liv. Dette vil vi Helse Førde gjerne medverke til å førebygge. Gjennom folkeopplysningskampanjar har vi dei siste åra sett dette tema på dagsordenen, og vi vil den kommande månaden dele hovudbodskapen «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv».

Publisert 24.05.2023
Sist oppdatert 25.05.2023

​Målet med kampanjen er å senke terskelen for å søke hjelp, og få fram at kvar og ein av oss kan bidra til å førebygge sjølvmord ved å spørje direkte om vi er bekymra for nokon vi kjenner. Innhaldet i kampanjen rettar seg til den vaksne befolkninga og spesielt til menn i alderen 40-60 år. 

Nasjonalt eigarskap – lokal kampanje

I år er det Helsedirektoratet som står bak kampanjen. Hovudbodskapen er den same som tidlegare, sjølvmordstankar er ikkje synlege, og mange som slit med slike tankar held dei for seg sjølv. Derfor må vi snakke om det. Det kan redde liv.

Kampanjebilde

Vi deler denne oppmodinga i våre sosiale kanalar gjennom den kommande månaden. På denne måten vil vi auke folk sin kunnskap og medvit om sjølvmordstankar. Tanken er å få folk til å sjå verdien av å kunne snakke om dette, søke hjelp, og vite kvar ein kan søke hjelp.

Vi treng også å redusere frykt og stigma kring dette med å snakke om dei vanskelegaste sidene ved livet. Det aukar ikkje sjølvmordsfaren, det fører ikkje til mørkare tankar. Tvert om, ein samtale kan gjere at ting kjennes mindre tungt og vere fyrste steg til å finne løysingar på problema.

Bli flinkare til å sjå og forstå

Samstundes med folkeopplysningskampanjen legg vi også til rette for å styrke pårørande og andre sin kompetanse i å identifisere og hjelpe personar med sjølvmordstankar. Vi skal medverke til å gjere synleg opplæring, som styrkjer kompetansen i helsetenesta i å identifisere og hje​lpe eller behandle personar med sjølvmordstankar. 


På Helsenorge si heimeside kan du finne gode råd om sjølvmordstankar og kvar ein kan søke hjelp.​ 


dekorstrek 2

varsel
Ring 113 


Du skal alltid ringe 113 ved akutt fare for sjølvmord.
Ring heller ein gang for mykje enn ein gang for lite.
dekorstrek 2

Prosjekteigar:  ​​​​
Helsedirektoratet

Prosjektleiar:      
Nasjonalt senter for selvmordsforsking og forebygging (NSSF)

Regional koordinering:
Helse Vest  og Regionalt ressurssenter for vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest)​

Samarbeidspartar:
Universitetet i Oslo, Statsforvaltar i Vestland, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltar i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Helse Stavanger HF, KS-Kommunesektorens organisasjon, Helse Bergen HF, Helse Fonna HF og Helse Førde ​

​Kampanjestart:
22. mai 2023​​​

​​
​ 


2021: 658 sjølvmord (482 menn og 176 kvinner).
Inga auke under koronapandemien
Raten i Noreg (11 per 100.000)er omtrent den same som Sverige, Danmark, Europa, Nord-Amerika og Australia
Det er anslått at kvart sjølvmord etterlet seg ti pårørande.

Graf: Sjølvmord i Noreg 1971 - 2021
 
graaf sjølvmord

 


​​

Sogn: Øyvin Myrmel, tlf. 41530396
Sunnfjord: Stig Magne Solstad, tlf. 41530537
Nordfjord: Anne-Karin Høgalmen, tlf 45 07 70 45
Born og unge: Toril Taklo, tlf. 975 78289​
​​