Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan du tenke deg å drive med pasienttransport?

Helse Førde går no ut med anbodskonkurranse på ikkje-akutt pasienttransport i store delar av helseføretaket sitt opptaksområde.

Publisert 21.09.2023
Sist oppdatert 22.09.2023

Reisene kontraktane gjeld, er tilrettelagt transport der pasienten etter gjeldande lovverk har rett til utgiftsdekning for reise til og frå behandling.

Anbodet er delt i 35 delkontraktar. Tilbydarar har høve til å leggje inn anbod på fleire delkontraktar. 

Kontrakten gjeld for fire år, og har altså ein samla estimert totalverdi på 195,8 millionar kroner. 

Du finn konkurransen kunngjort på doffin.no.

​Eventuelle tilbydarar bør merke seg at det blir halde ei digital rettleiing for utfylling av tilbod tysdag 26. september. ​