Lokal innovasjon inn i nybygget til Helse Førde
Helse Førde trengde ei trygg løysing for å lade mobiltelefonane som blir nytta i pasientbehandling. Ei løysing som ladar mobiltelefonane trådlaust og mange på ein gong.
- Vi fann ikkje eit produkt i marknaden med god nok funksjonalitet, så vi utfordra Campus Verftet til å utvikle det vi trengde, seier ingeniør i byggeprosjektet Øyvind Hjelmeland.
I det nye sjukehusbygget, Livabygget, skal det installerast sju skap for lading av mobiltelefonar utvikla lokalt av Campus Verftet. Dei tekniske løysingane baserer seg på kjent teknologi, men brukt på ein heilt ny måte.
- Når marknaden ikkje kan levere det vi treng, er det eineståande at vi kan vende oss til ein lokal aktør som kan omsette våre behov og krav til løysingar vi kan bruke. Dette er innovasjonsevne vi verdset høgt, seier administrerande direktør Arve Varden.
Krav til det nye produktet
Campus Verftet fekk ei rekkje krav til funksjon og design. Helse Førde si vurdering av liknande produkt i marknaden er at dei ikkje gir trygg nok lading. Spesielt å hindre spreiing av brann i eit mobiltelefonbatteri er viktig. Når slike batteri startar å brenne er dei vanskelege å sløkkje. Dette fordi brannen er kjemisk sjølvoksiderande, det vi seie sjølvforsynt med oksygen.
Måten brannsikkerheit er løyst på
Oppstår det unormal varmeutvikling i ladeskapet, blir det tilført ein gass som kjøler ned temperaturen i skapet slik at det aldri blir over 500°C. Det hindrar dei andre telefonane i å ta til og brenne. Gassen er ikkje skadeleg for menneske og blir brukt for å kjøle ned elektrotavlene i Livabygget. Leverandøren av nedkjølingssystemet, Nortronik, vart førespurt om dei kunne overføre same system til ladeskapa. Dette har Nortronik løyst og har utvida bruksområde for teknologien.
Innovasjonen er berre i starten
Når samarbeidspartane ser kva produktet har blitt, ser dei nye mogelegheiter i den tekniske løysinga. Vidare skal det forskast på funksjonar som UV-desinfisering, visuelle alarm, tilgangstyring, shimming-sikring og mogelegheit for å lade personlege mobiltelefonar.
Krav til produktet
- Spesialtilpassa Helse Førde sin mobile plattform, og enkelt kunne tilpassast til nye mobilmodellar.
- Fleksibilitet i tal ladefelt i skapet.
- Indikator på ladestatus «opplada» og «ladar».
- Justerbar høgde på ladehyllene slik at ein kan sjå skjermen på telefonen uavhengig av kvar i skapet telefonane ligg til lading.
- Eit anlegg i skåpet som sløkker brann i lithium-ion-batteri/mobiltelefonbatteri