Lyser ut stadleg leiar-stilling

Helse Førde lyser no ut stillinga som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus som fast stilling.

Publisert 20.04.2023
Stillinga har det siste halvåret vore dekka gjennom ei mellombels konstituering, men administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, har heile tida vore klar på at også Nordfjord sjukehus skal ha eigen stadleg leiar. 

- No er målet å få på plass dette, seier Varden. - Vi håpar med dette å trekke til oss gode kandidatar, slik at vi får ei stabil og mest mogeleg permanent løysing på denne funksjonen.
 
I tillegg til dei arbeidsområda som naturleg fell inn under funksjonen som stadleg leiar, står det i utlysingsteksten at den som blir tilsett må pårekne å delta i utviklingsarbeid i Fag- og utviklingsavdelinga i føretaket. Stadleg leiar inngår i føretaksleiinga i Helse Førde. 

Heile utlysinga finn du her: https://5196.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4645335662?language=nn&link_source_id=500&intranettoken=YCvhGF9zp2pgScoAIQLm94ZpKmsSka4dEmGGlzOVjEHrhIR52ArHigptBOBnJhcu2FQO17yTDd%2BEqmEWw4Uio8gwf%2FTbQJommyWXna8%2FFAlJ5y6rRrkAbKds2HqUOTnMCuYXbPDkV9jITCVx9Ysc7QZOcpGkbhD9j8%2BAReGi5Hiqp9ZIG579XzWd1a0If%2B8H9w489b2HuutAfw%2BSGwT8NruYWoUxCgqc

Søknadsfristen er sett til 14. mai 2023.
- Vi håpar å ha tilsett ein ny stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus innan fellesferien, seier administrerande direktør Arve Varden.