Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meir pengar, men framleis stramt

Helse Førde får samla truleg tilført opp mot 100 millionar kroner for 2023. – Vi er sjølvsagt glade for at regjeringa aukar løyvingane til sjukehusa, men det er framleis behov for omstillingar, seier administrerande direktør Arve Varden.

Publisert 08.05.2023

Rammene til sjukehusa vil auke med 6,2 milliardar kroner når revidert statsbudsjett vert lagt fram 11. mai. Veksten er sett saman av ei vidareføring av ei ekstraløyving på 2,5 milliardar for 2022. Denne vart kjend i vinter. I tillegg kjem ein auke på 2,2 milliardar for 2023. Begge delar er justeringar for den ekstraordinære løns- og prisveksten.

- Helse Førde sin del av ekstraløyvinga på 2,5 milliardar frå i vinter, utgjer i overkant av 50 millionar. Veksten på 2,2 milliardar vil gje oss i underkant av 50 millionar. Samla får vislik det ser ut no, truleg tilført nær 100 millionar kroner, forklarar økonomidirektør Øystein Helleseth.

Resten av auken, 1,5 milliardar kroner, er knytt til auka låneramme i samband med byggeprosjekt.

- Vi veit så langt ikkje kva som vert Helse Førdes del av den auka låneramma. Her må vi vente på framlegginga av revidert statsbudsjett i neste veke. Meir pengar å låne for, vil setje oss i stand til å gjennomføre investeringar her og no. På same tid vil større lån gje auka renter og avdrag i framtida, seier økonomidirektøren.

Ved utgangen av mars hadde Helse Førde eit underskot på 18,3 millionar kroner. Administrerande direktør Arve Varden er klar på at auka løyvingar vil betre ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men han understrekar at Helse Førde må styre stramt framover for å komme i mål med budsjettet, slik at føretaket​ kan klare drift og investeringar til beste for pasientar og tilsette:

- Arbeidet med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammevilkåra er framleis heilt nødvendig.