Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nils Sletteskog æresmedlem i Norsk kirurgisk forening

Norsk kirurgisk forening utnemnde nyleg overlege ved kirurgisk avdeling i Helse Førde, Nils Sletteskog (69), til æresmedlem i organisasjonen. 

Publisert 09.11.2023
Mann og kvinne klemmer

Foto: John Brataas, fxphoto.no

EIN GOD KLEM: Her er Nils Sletteskog nett tildelt æresmedlemskap av sin tidlegare elev, Mari-Liis Kaljusto, som på same møte vart vald til ny leiar i Norsk kirurgisk forening.

Nils Sletteskog er mangeårig overlege og tidlegare avdelingssjef ved kirurgisk avdeling i Helse Førde, og på haustmøtet til Norsk kirurgisk forening i Oslo sist veke fekk han ei spesiell merksemd.  

- Dette kom som ei stor, men sjølvsagt gledeleg overrasking for meg, seier hovudpersonen sjølv. 

Det synlege provet for æresmedlemskapen er eit diplom som vart tildelt Sletteskog av Mari-Liis Kaljusto, som for øvrig vart vald til ny leiar i Norsk kirurgisk forening på møtet og som ikkje minst har hatt Nils Sletteskog som fagleg mentor i starten av sin karriere. 

Her er grunngjevinga for tildeling av æresmedlemskap til Nils Sletteskog: 

"Nils Sletteskog starta som assistentlege i kirurgi ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane i 1983. Etter fire år i Førde var han fem og eit halvt år ved Haukeland universitetssjukehus før han kom tilbake til Førde som overlege og spesialist i gastroenterologisk kirurgi. Han blir framheva som ein bauta i kirurgien i Sogn og Fjordane gjennom ei årrekke. Han er ein dyktig kirurg og fagmann, alltid godt oppdatert i faget og har hatt ansvar for å byggje opp eit berekraftig kirurgisk tilbod til innbyggarane i Sogn og Fjordane. Han var aktiv i fleire år i Vestnorsk gastroforum, og har i fleire år også vore sakkunnig i kirurgiske klagesaker. Han har vore fullt aktiv som kirurg, samtidig som han har vore leiar ved kirurgisk avdeling ved Førde sentralsjukehus dei siste 23 åra. Han har nyleg gått av som avdelingsleiar, men held fram som klinikar - og ikkje minst som "bestefarvakt" for ferske overlegar. Han har vore og er ein særs dyktig og tolmodig læremeister for yngre legar i faget kirurgi. Det er mange overlegar rundt om i Norge som har lært kirurgi under hans rettleiing og omgrepet "gje kniven vidare" har alltid vore viktig for han som kirurg. Han er ein mann med ein unik arbeidsmoral og arbeidskapasitet, og eit beundringsverdig godt humør uansett mengd søvn natta før. Han har evna til å skape eit godt og trygt miljø rundt seg og har samtidig hatt god pasientbehandling øvst på lista. Vi ser han som ein verdig kandidat for æresmedlemskap i Norsk kirurgisk forening.

Det er derfor med stor glede at Norsk kirurgisk forening utnemner Nils Sletteskog som æresmedlem i Norsk kirurgisk forening."