Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny rapport om samfunnsansvaret i spesialisthelsetenesta

Spesialisthelsetenesta i Norge har lagt fram sin rapport om samfunnsansvar for 2022. Den viser fram arbeidet som blir gjort lokalt, regionalt og nasjonalt. Arbeid som Helse Førde står bak er tema i to av artiklane i rapporten.

Publisert 08.05.2023
Nok ein gong presenterer Spesialisthelsetenesta sin årlege rapport om samfunnsansvar i fellesskap. Rapporten omfattar alle helseforetak i landet og dei felleseigde selskapa. Den omhandlar klima og miljø, antikorrupsjon og menneskerettar og arbeidstakarrettar. 

For oss som høyrer til i Helse Førde er det interessant at verksemda er tema i to av kapittela i rapporten: Virtuell anestesipoliklinikk (side 30) og den årlege helseinnovasjonskonferansen (side 62).  


Samfunnsansvaret vårt handlar om korleis spesialisthelsetjenesta løyser samfunnsoppdraget i samspel med andre og hvordan verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn. Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet, og har ei forplikting overfor samfunnet til å forvalte desse ressursene på ein bærekraftig måte.​ 

Virtuell anestesipoliklinikk.PNG

TESTAR UT VIRTUELL ANESTESIPOLIKLINIKK: Forventingane til prosjektet er ei gradvis auke i tal gjennomførte anestesitilsyn på video, større brukartilfredsheit hos pasientar, ei betring av arbeidstidfordeling i anestesipoliklinikken, færre pasientreiser og mindre ventetid på sjukehuset for pasientane. Hilde Kristin Hårklau er modell på pasientsida, medan Marie Svanberg (t.h.) er anestesisjukepleiar. ​​

Implementering av openheitslova
Arbeidet med samfunnsansvar har hatt stor merksemd i spesialisthelsetenesta gjennom fleire år, og i 2022 har vi samarbeiddd om implementering av openheitslova som tredde i kraft i 1. juli. Lova har som formål å fremme respekten for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, og sikre publikum tilgang til informasjon. I rapporten kan du lese meir om korleis Sykehusinnkjøp HF har budd seg på å møte dei krava openhetslova stiller til oss.

Spesialisthelsetenesta har mål om å redusere direkte utslepp av CO2-ekvivalentar med 40 prosent i perioden 2019-2030 og eit langsiktig mål om klimanøytral drift innan 2045. I 2022 har alle helseforetaka arbeidd med handlingsplanar for å nå dei felles klima- og miljømåla. Resultata blir presentert i eit felles klimaregnskap i denne rapporten.

Virtuell anestsipoliklinikk
I rapporten fortel vi korleis innovativ bruk av teknologi og digitale hjelpemidddel kan bidra til å nå måla – blant anna ved hjelp av dronetransport av biologiske prøver, mobil røntgen og Helse Førde sin virtuelle anestesipoliklinikk.

Formålet med spesialisthelsetenesta sitt arbeid med antikorrupsjon har vore å auke merksemda på, og få ei felles forståinga av, risikoen for korrupsjon i spesialisthelsetenesta. Som leiar må ein erkjenne korrupsjonsrisikoen for å kunne iverksette førebyggande tiltak.

I rapporten kan du lese meir om rundebordskonferansen om antikorrupsjon som vart gjennomført 29. august 2022. Her sat toppleiinga i helseforetaka og drøfta konkrete område der spesialisthelsetenesta har risiko for korrupsjon og diskuterte kva risikoreduserende tiltak som kan setjast i verk.

Rammeverk for samfunnsansvar
Styra i dei regionale helseforetaka har vedteke Spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar.

Formålet med rammeverket er å klargjere kva rammer og føringar som gjeld for området, herunder oppfølging av staten sine forventingar til ansvarlig verksemd. 

For å arbeide effektivt og unngå dobbeltarbeid på samfunnsansvarsområdet er det turvande å arbeide heilskapleg med samfunnsansvar. Helseforetaka har i ei årrekke arbeidd systematisk med miljøleiing. Eit felles rammeverk for samfunnsansvar kan bidra til meir systematisk oppfølging av heile området. For å unngå fleire overordna dokument under paraplyen samfunnsansvar, blir Rammeverk for miljø og bærekraft erstatta med Spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar.