Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nye skrin til bruk ved allergisk sjokk

Kjersti Grinde, fagutviklingsjordmor ved Kvinneklinikken i Helse Førde, er idéskaparen bak det nye skrinet som skal nyttast når ein kraftig allergisk reaksjon oppstår. No får alle avdelingar utlevert nye skrin som skal sikre tryggleiken både for pasientar og tilsette i slike situasjonar.

Publisert 28.09.2023
​​
kvinne i kvit uniform som held eit skrin med medisinsk utstyr til bruk ved allergisjokk

Kjersti Grinde viser fram det nye anafylaksiskrinet.

​Anafylaksi er ein kraftig allergisk reaksjon på medikament eller matvarer, som påverkar fleire organ i kroppen. Ein anafylaktisk reaksjon kan vere livstruande og krev umiddelbar behandling med adrenalin og akuttmedisinsk overvaking. 

- Det er viktig for oss å betre pasienttryggleiken når eit allergisk sjokk oppstår, men også trygge​ dei tilsette i handteringa, seier Grinde. 

Frå idé til​​​ ferdig produkt

Idéen fekk Grinde då ho i 2019 opplevde at ein pasient ved Kvinneklinikken fekk eit allergisjokk, eller eit anafylaktisk sjokk, som det heiter på det medisinske fagspråket. Skrina som var tilgjengeleg i avdelinga  viste seg å vere gamle og ikkje godt nok kvalitetssikra.    

Dette ønska Grinde å gjere noko med, og engasjementet etter opplevinga førte til at ho bretta opp ermane for å finne ei betre løysing. Ho kontakta verktøykassefirmaet Fosen Tools, for eit samarbeid rundt produksjonen av skrina, medan ho sjølv skulle stå for design og utforming. Grinde erfarte raskt at utfordringa ho opplevde på Kvinneklinikken, var ei utfordring for heile føretaket, og involverte fag- og innovasjonsavdelinga i tankane sine. Det resulterte i ein søknad om innovasjonsmidlar for oppretting av prosjektet "Nye anafylaksiskrin til Helse Førde" som Grinde deretter leia. Ei ressursgruppe med tilsette frå heile sjukehuset, vart oppretta for å kvalitetssikre skrinet.

​​​​Standardise​​ring for auka tryggleik​

Nødvendig utstyr har vore tilgjengeleg i avdelingane tidlegare, men ei standardisering av utstyrspakkar lettar arbeidet for helsepersonell når akutte situasjonar oppstår som krev umiddelbar handtering. Det nye skrinet som er utvikla, inneheld nødvendig medisinsk utstyr som er godt merka og plassert i eigne rom, i tillegg til ei rettleiing om handtering ved eit allergisk sjokk. Skrina blir fylt opp av apoteket, før dei blir delt ut. 

No vert alle dei gamle skrina i Helse Førde erstatta av det nye standardiserte skrinet. Grinde håpar at informasjonen vil bidra til eit større fokus på anafylaktisk sjokk, og ein betra prosess for tilsette som eventuelt måtte kome i ein situasjon der dei treng å nytte seg av det.  

Etter arbeidet med prosjektet, har Grinde overtatt rettigheitene på skrinet sjølv, og har saman med anestesilege Gregers Halvorsen, oppretta selskapet Emendakit AS. Der vil dei jobbe vidare med å få anafylaksiskrin ut til andre aktørar, i tillegg til å designe og utvikle andre medisinskrin til akutt bruk.