Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt forskingsprosjekt brukar anonymiserte data frå deg som pasient

Helse Vest IKT skal i samarbeid med helseføretaka på Vestlandet, utvikle ein klinisk spesialisert språkmodell basert på teknologi frå Kunstig intelligens (KI). For å utvikle tenesta, må dei bruke anonymiserte data frå deg som pasient, som du kan reservere deg mot.

Klinisk NorBERT
Publisert 07.07.2023

​KI for tekstevaluering kan gi mange moglegheiter i helsesektoren. For å innfri dette treng ein KI-språkmodellar som er spesialiserte på kliniske tekstar. Klinisk Norbert**​ har som mål å utvikle automatiserte tekstanalysar som kan forbetre pasientbehandling, effektivisere sjukehusadministrasjon og sikre pasienttryggleik.

Prosjektet er i samarbeid med Helse Vest IKT, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Førde og DIPS*, i tidsrommet 2023 til 2025.

​Ikkje sensitiv informasjon

Som treningsdata bruker prosjektet anonymiserte setningar frå fritekstfelta i pasientjournalar. Den ferdig trena modellen inneheld ingen treningsdata sjølv. Pasientjournalane som vert brukte, er av årgang 2019, 2021, og 2022. Data vert henta frå alle fagområde og frå alle dei fire involverte helseføretaka. Det vil ikkje verte nytta verken sensitive pasientjournalar eller sperra informasjon.

Korleis vert tekstane ano​​nymiserte?

Namn, lokasjonar, kliniske institusjonar, datoar, alder, telefonnummer, e-postadresser og liknande, vert erstatta av tilfeldige verdiar. Lange tekstar blir delte opp i fleire dokument.

Det betyr at til dømes “Askøy" kan verte erstatta av “Bønes", dato “19.02.2013" kan verte erstatta av “05.07.2015" og namnet “Erlend" kan verte erstatta av “Håkon".

Korleis rese​rvere sine data mot bruk i prosjektet?

Pasientar som ikkje ønskjer at anonymisert tekst frå deira pasientjournal skal verte brukt for trening av modellen, kan reservere seg mot det via sitt helseføretak ved å nytte eDialog​ med emne «Klinisk Norbert» og personnummeret sitt.

Tidsfristen for å reservere seg er sett til 08.10.2023. Sidan datamaterialet skal vere anonymt etter innsamling, er det ikkje mogleg å reservere seg etter at fristen er utgått.

Vil du vite meir om prosjektet kan du ta kontakt via e-post KliniskNorBERT@ihelse.net.​​​

* DIPS er eit pasientjournalsystem
** Klinisk NorBERT er eit prosjekt som jobbar med KI-språkmodellar som er spesialiserte på kliniske tekstar. Prosjektet bidreg med å innfri potensialet som ligg i kunstig intelligens for helsesektoren.