Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ordføraren stiller i Helse Førde-stafetten - denne gongen som mosjonist

Helse Førde-stafetten blir arrangert for 16. gong i år. Stafetten er eit arrangement for alle, der folk uavhengig av alder og fysiske føresetnadar kan delta. Det er bra med påmelding til hovudstafetten, men vi har plass til fleire. Mosjonistar kan melde seg på like fram til startskotet går i morgon.

Publisert 31.05.2023
Sist oppdatert 01.06.2023
Kvinne med friluftskle på fjelltur.

SPREK ORDFØRAR: Jenny Følling brukar fysisk aktivitet som avkobling i ein hektisk kvardag. Foto: Privat

​​- Helse Førde-stafetten er eit veldig flott arrangement, som er positivt for både fysisk og psykisk helse. Eg syns det har flott symbolsk effekt at helseføretaket fokuserer på verdien av fysisk aktivitet, seier ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling.

Sjølv er ho aktiv på mange område, og har klare mål om å halde seg i fysisk aktivitet i ein hektisk kvardag. Ho trivst spesielt godt på fjellet, men når tida ikkje strekk til, tek ho seg gjerne ein tur i nærmiljøet eller på treningssenteret. I tillegg har ho mål om å gå 10.000 skritt for dagen.

I mosjonsklassen

- Ser eg at eg ligg litt bakpå i høve talet på skritt, kan eg legge inn ein ekstra kveldstur slik at eg kjem i mål. Det å komme seg i aktivitet og ut på tur er ein fantastisk måte å koble av på, men samstundes stimulere det til god tankeverksemd. Det er også utruleg godt å kjenne på kroppen at ein tek seg ut litt fysisk.

Følling er godt kjend med Helse Førde-stafetten, og har delteke på lagstafetten tre gonger tidlegare.

- Eg har sprunge anker-etappen alle gongene eg har delteke, og det er rett og slett skikkelig moro å springe stafett. I år har eg litt problem med eit kne som gjer at eg dessverre ikkje kan springe, men eg skal sjølvsagt delta i mosjonsløpet, der eg kan ta det i mitt eige tempo. 

Sta​fetten for alle

Stafetten er eit breiddearrangement, og ho er oppteken av å nå fram til alle som lurer på om dette er noko for dei.

- Eg trur det er kjempeviktig å setje fokus på at stafetten er for alle, både små og store, unge og eldre – ikkje berre dei med sterkast konkurranseinstinkt. Vi har ulike føresetnadar for å stille til start, men det er plass til alle ved startstreken, og det er skikkelig kjekt. Eg har fått barnebarn, og i år skal eg invitere dei til å vere med på stafetten saman med meg.

I mosjonsløpet er det ikkje tidtaking, og deltakarane kan velje sjølv om dei vil jogge, springe, sykle eller gå gjennom løypa. Ved å ta det som ein tur saman med nokon, får ein tid til gode samtalar gjennom løypa.

- Det å gjere ting saman og spele på lag med kvarandre, kan legge til rette for betre samhald og felles meistring, noko som er bra på mange måtar, seier ordføraren.
Til hausten er det kommuneval, og det blir nokre hektiske månadar med politisk arbeid og valkamp framover. Følling utfordra alle politikarane i Sunnfjord, samt alle andre, til å delta på stafetten torsdag 1. juni.

- Eg oppmodar alle til å bruke torsdag ettermiddag til å skape gode opplevingar saman under stafetten. Dette blir ein skikkelig folkefest, og eg gler meg, avsluttar ho. 


Velkomen til stafett!