På lag mot sjølvmord

Sogndal fotball blir støttespelar for Helse Førde sin folkeopplysningskampanje for å førebygge sjølvmord.

Publisert 02.06.2023

I Norge tek ein til to personar eige liv kvar einaste dag. Gjennom folkeopplysningskampanjar har Helse Førde dei siste åra sett dette temaet på dagsorden, og den kommande månaden vil vi dele hovudbodskapen i kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv». 

- Vi kjende fort at dette var ein bodskap vi ville støtte, og dele med den store fotballfamilien. Vi må òg våge å stille dei vanskelege spørsmåla. Kampanjen gir oss råd om korleis. Det kan gjere oss flinkare til å ta vare på kvarandre, det er viktig for oss seier, Terje Teigen i Sogndal Fotball.

Målet med kampanjen er å senke terskelen for å søke hjelp, og få fram at kvar og ein av oss kan bidra til å førebygge sjølvmord ved å spørje direkte, om vi er bekymra for nokon vi kjenner.  Kampanjen rettar seg mot den vaksne befolkninga, og spesielt til menn i alderen 40 til  60 år.
 
Det er slik at fleire menn enn kvinner vel å avslutte livet. Tal frå 2021 viser at i Norge tok 658 personar livet av seg. Av desse  var 482 menn og 176 kvinner. Det er anslått at det er ti pårørande for kvart sjølvmord. Dette var bakteppet då Helse Førde tok kontakt med Sogndal fotball.

HDIR0014_Selvmordstanker_Skjermer_Nynorsk_16_9_v1b.jpg


- Vi er svært glade for den positive responsen frå Sogndal fotball. Eit friskt og aktivt liv vedkjem oss på ulike måtar, anten vi er fotballspelarar eller helsearbeidarar. Denne kampanjen har ein viktig, allmenn bodskap, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Sjølvmordstankar viser sjeldan utanpå. Mange som går med slike tankar, held dei for seg sjølv. Derfor må vi snakke om det. Det kan redde liv.

Vi treng også å redusere frykt og stigma kring dette med å snakke om dei vanskelege sidene ved livet. Det aukar ikkje sjølvmordsfaren, det fører ikkje til mørkare tankar.
Tvert om, ein samtale kan gjere at ting kjennes mindre tungt og vere fyrste steg til å finne løysingar på problema.

Administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden er invitert til Sogndal sin heimekamp mot Start søndag 4. juni for å framsnakke kampanjen.  

Lenker:

Kontaktpersonar
Sogndal fotball:  Sals- og marknadssjef Terje Teigen, telefon 930 37 310
Helse Førde: Kommunikasjonsrådgjevar Margunn Masdal​, telefon 958 19 912