Samarbeid om utvikling av eit felles campus for utdanning, forsking og innovasjon på Vie

Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde har starta prosjekt Campus Vie i lag fordi dei har mange like utfordringar og behov i framtida. Ein felles arena for å løyse oppgåver innan utdanning, forsking og innovasjon vil gje eit løft for organisasjonane og vil bidra til auka attraktivitet i høve rekruttering til regionen.

Publisert 27.09.2023
ei gruppe menneske samla framfor Førde sentralsjukehus
Det har i fleire år vore ønske om felles bygg, samarbeid om infrastruktur og samlokalisering av fagmiljø. Prosjekt Campus Vie byggjer vidare på eit forprosjekt som vart sluttført desember 2021. I forprosjektet såg ein på moglege løysingar for bruk av areal i eksisterande bygg på Vie kombinert med moglege nybygg. Det vart også løfta fram nokre konkrete behov partane ynskjer inn ein fellesarena i framtida. Dette gjeld felles areal til:

  • utdanning og opplæring,
  • simulering og ferdigheitstrening,
  • forsking og innovasjon,
  • møte og kursverksemd,
  • senter for fysisk aktivitet a la Energisenteret i Bergen,
  • bibliotek og liknande.
Det er opning for at andre funksjonar kan spelast inn. I hovudprosjektet skal partane dykke djupare inn i arbeidet og definere meir konkret kva funksjonar og behov som bør med i framtidas Campus Vie.

​​Viktig for utviklinga

Prosjektet er godt forankra i toppleiingane hjå dei fire partnarane. Rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet, er glad for den felles krafta ein kan få til i dette samarbeidsprosjektet.

portrett av ein mann i dress
– For HVL er det særs viktig å tilby utdanning av fagleg høg kvalitet i gode og framtidsretta lokale. Deling av areal og fasilitetar med både UiB, Helse Førde og Sunnfjord kommune handlar om mykje meir enn fornuftig ressursbruk. Dette kan bli eit nytt kraftsenter for kunnskap og nyskaping og gje ein attraktiv tilleggsdimensjon for både studentar og tilsette, seier Gunnar Yttri.​

​Legeutdan​ning i Førde

Universitetet i Bergen (UiB) jobbar for å realisere ei desentralisert legeutdanning i samarbeid med Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde. Studentane vil starte utdanninga si i Bergen for så å fullføre dei siste åra på ein av dei tre studiestadene. Stavanger Universitetssjukehus er pilot for ordninga som har fått namnet Vestlandslegen. Hausten 2023 tok Stavanger i mot dei første medisinarstudentane som vil fullføre legeutdanninga der.

dekanperbakke_002_1_0 foto kim andreassen.jpg
- Framleis er det mykje som skal på plass før vi er klare til å tilby legeutdanning i Førde, fortel Per Bakke, dekan for det medisinske fakultetet ved UiB. - Mellom anna vil UiB ha behov for tilgang på areal til ulik form for undervisning, forsking og kontor. Vi ser det som særs positivt å samarbeide for eit felles campus. I tillegg til at det heilt konkret legg til rette areal som vil dekke våre funksjonsbehov, så vil ei slik samling av fagmiljø auke attraktiviteten for dei som skal studere der. Eit større og meir tverrfagleg miljø vil vere veldig positivt for det samla studentmiljøet i Førde, seier Bakke.

​Ingeniør- og helsefagutdanninga i Førde er eit godt utgangspunkt​​

Med fleire eldre og færre til å jobbe i helsesektoren veit alle at helsetenestene er og blir under stort press. For å møte morgondagens utfordringar må alle gode krefter gå i lag om å skape nye gode løysingar. Bruk av teknologi og omfordeling av oppgåver i helsetenestene er berre nokre av stikkorda. Alle nasjonale rapportar og føringar peikar på at vi må samarbeide til pasientens beste. Når kompetanse og kreativitet frå utdannings- og forskingsinstitusjonar, næringsliv, kommunane og frivilligheita går i lag, så ligg forholda til rette for at vi saman kan bidra til å løyse samfunnsoppgåver. Samlokaliseringa Campus Vie skal bli ein slik felles arena for nyskaping gjennom deling av kunnskap, erfaring og kompetanse.

Ved Høgskulen på Vestlandet i Førde vert det utdanna både sjukepleiarar og ingeniørar. I tillegg til bygg-, elektro-, automasjon- og IT-utdanning, har HVL klart å bygge opp eit spennande robotikkmiljø lokalt. Kombinert med nærleik til sjukehuset og eit framoverlent næringsliv, ligg forholda til rette for å få meir forsking og nyskaping ut av denne tverrfaglege profilen.​

​Rekruttering til Sunnfjord 

Trond Ueland.PNG
– Dette er ei strategisk viktig satsing i utviklinga av Førde som ein attraktiv studentby. Kompetanse, utdanning, forsking og innovasjon er nøklane til ei berekraftig framtid. Utvikling og etablering av eit framtidig Campus Vie vil styrke fagmiljøa og bidra positivt til rekruttering av både studentar og nyutdanna til vår region, seier Trond Ueland, leiar næring- og samfunnsutvikling Sunnfjord kommune.​

​God grunnmur og gjensidig avhengigheit

Under paraplyen Helseforsking Sogn og Fjordane har Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet over fleire år samarbeidd både med kommunane og Universitetet i Bergen om ulike forsking og innovasjonsprosjekt.

Sjukepleieutdanninga i Førde vart etablert for meir enn 40 år sidan, og naturleg nok vart den lagt «vegg-i-vegg» med sjukehuset. Dette har vore ein viktig berebjelke for rekruttering i regionen, både av studentar og fagpersonell. Over mange tiår har også Helse Førde og Universitetet i Bergen jobba godt i lag om å tilby praksis for legestudentar. Campus Vie-satsinga byggjer vidare på denne grunnmuren.

Portrettbilde av administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, i dress
- At UiB no satsar på legeutdanning i distrikt vil styrke rekrutteringa enno meir, og ikkje minst gje Helse Førde eit enno sterkare og breiare fagmiljø innan helse, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde. Samstundes strekar han under kor viktig det er at organisasjonane no går saman om å legge til rette for eit sterkt tverrfagleg miljø der fagfolk frå ulike disiplinar innan helse- og teknologifag får jobbe i lag.  

– Med dei utfordringane som helsesektoren står ovanfor, så er vi rett og slett gjensidig avhengige av kvarandre for å løyse morgondagens utfordringar, avsluttar Varden.

Vidare arbeid med Campus Vie

Portrett Gro Rukan.jpg
Gro Rukan er tilsett som prosjektleiar og det er sett ned ei stor prosjektgruppe på tvers av organisasjonane. I arbeidet framover vert det jobba for å få alle gode innspel på bordet slik at ulike behov og moglegheiter vert ivaretatt best mogleg, og såleis få lagt eit godt grunnlag for synergiar og kraft i ei slik samlokalisering som partane jobbar for å få realisert.​​​​

Av: Prosjektleiar Gro Rukan