Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik blir dei nye sengeromma

Etasje etter etasje i Livabygget, det nye sjukehusbygget på Førde sentralsjukehus, er i ferd med å bli ferdig bygd. Ein av etasjane med sengerom for pasientar er ferdig. Laust inventar manglar, straum i det elektriske anlegget, nettverk og vatn er ikkje kopla på, men elles er romma klare.

Publisert 23.10.2023
Sist oppdatert 02.11.2023
Et rom med dør og vindu
Sengerom sett frå korridoren.

​Sjette etasje, ein av etasjane der pasientane sine sengerom er plasserte, er ferdig.

1979 mot 2024

Sjette etasje er grøn etasje, det er den også i Svanabygget, den gamle høgblokka. Gamal og ny fargepalett er harmonisert med kvarandre. Dei nye romma er einerom med eige bad og toalett. 

Romma er utstyrte med nedfellbar pårørande seng, TV som pasientane kan kople på sitt eige utstyr, i tillegg til dei ordinære TV-kanalane. Dei store vindauga gjer det mogeleg å sjå ut sjølv om ein ligg til sengs. Frå mange av romma er utsikta heilt eineståande. 

Dette kan vi glede oss til

Når det nye sjukehusbygget opnar og blir teke i bruk hausten 2024, blir det som eit epokeskifte for pasientane våre og oss. I 45 år har høgblokka med sine firesengsrom teke imot pasientar og pårørande. I alle desse åra har alt anna endra seg, bortsett frå dette eine; Romma og eit sjukehusopphald du må dele med andre pasientar.  

Nybygget vil gje pasientane einerom og eit heilt anna skjerma sjukehusopphald. På høg tid vil mange meine, og heilt i tråd med slik vi ventar at eit opphald på sjukehus skal vere i det 21. århundre. 

Slik blir det

Vi sette inn seng, nattbord og stol, tok bilde i alle retningar og laga denne bildekavalkaden som viser korleis dei nye sengeromma blir.

Et sykehusrom med seng og vask
Sengerommet sett frå vindauge.
En seng med et hvitt laken og et vindu med utsikt over en by
Nedfellbar pårørendeseng.
En stol og en ryggsekk på et bord
Garderobeløysing.
Utsikt over en by fra et vindu
Eineståande utsikt frå mange av sengeromma. Her utsikt mot sør og Hafstadfjellet.
Et bad med toalett og vask
Bad og toalett.
Et sykehusrom med en seng og en stol
Rommet sett frå vindauget.