Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik er tilbodet for gravide i Nordfjord

Helse Førde har eit godt tilbod til gravide ved Nordfjord sjukehus. Barseleininga er den einaste som er stengd gjennom sommaren.

Publisert 07.06.2023
Helse Førde driv no eit jordmorsenter på sjukehuset. Der har vi desse tilboda:

Jordmor tilgjengeleg heile døgnet
Følgeteneste
Svangerskapskontroller for gravide i Stad, delar av Kinn og Gloppen
Etterkontroll for barselkvinner som ønskjer jordmor
Ammepoliklinikk fast kvar onsdag (det er òg hjelp å få andre dager)
Føllings prøve (Føllings sjukdom er ein arveleg stoffskiftesjukdom alle norske   ​barn vert undersøkte for)
Billirubin kontroll (gulsott, leverprøve)
Vektkontroll på nyfødde 
Fødselsførebuande kurs og ammekurs

Det som er stengt, er altså barseleininga med overnatting for barselkvinner og barn. Årsaka er jordmormangel. Eininga vil vere stengd i en periode no og fram til fleire jordmødrer er på plass.