Stor politikar-interesse om Helse Førde
Det er valkamp, og då ønskjer mange politiske parti å få oss i tale. Så også i år.
Publisert 01.09.2023
Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet har alle vore på besøk.
Dei fleste politiske partia har i år ønskt å komme til Førde og sjå det nye Livabygget som er under oppføring. Unntaket var Høgre som inviterte seg til Lærdal. Der kom den planlagde stenginga av Lærdalstunnelen, og konsekvensane det vil ha for sjukehuset og beredskapen i området, til å stå i fokus.
Partia har vore representerte med såvel leiande fylkes- og kommunepolitikarar som rikspolitikarar. I spissen for Arbeidarpartidelegasjonen kom stortingspresident Masud Gharahkhani. Stortingspresidenten, som formelt er nummer to i landet etter kongen, er utdanna radiograf. Han bad i den samanheng spesielt om å få sjå radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus.
Alle dei politiske parti har fått ei orientering om drifta i føretaket og utfordringsbildet. For Helse Førde gjev dette gode høve til å vise folkevalde både på nasjonalt og lokalt nivå kva vi har fått til, men også fortelje om kvar skoen trykkjer.
Her får du nokre bildeglimt frå besøka.