Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stortingsrepresentant Hadia Tajik vitja Nordfjord sjukehus

Tysdag 10. januar vitja stortingsrepresentant Hadia Tajik Nordfjord sjukehus. Tajik, som er medlem av energi- og miljøkomitéen, vart presentert for sjukehuset sitt ENØK-fokus og bruken av fjordvarme. Tajik var tydeleg imponert over energisparinga som sjukehuset har oppnådd, og framheva at mange kan lære mykje av fokuset og innsatsen som ligg bak.

Publisert 12.01.2023
Sist oppdatert 13.01.2023
blide mennesker som står i eit teknisk rom

GOD STEMNING OG FOKUS PÅ ENERGI: Stortingsrepresentanten fekk presentert Nordfjord sjukehus sitt enøk-fokus under besøket. Frå venstre stortingsrepresentant Hadia Tajik, varaordførar i Stad kommune Siri Sandvik, leiar i Stad Ap Judith Kvåle, Gaute Hovden og Magnus Myroldhaug frå Moderne varme AS som leverte varmepumpene, og teknisk sjef, Per Helge Haugen.​

​​Tajik vart teken imot på sjukehuset av stadleg leiar Arild Krogh Nøstdal, og teknisk sjef Per Helge Haugen.​

Under besøket fekk stortingsrepresentanten, med følgje av lokale politikarar og engasjerte partar frå næringslivet, kome ned i kjellaren for å høyre meir om tiltaka som er innført her. Utnytting av fjordvarme som energiopptak vart innført etter eit initiativ mellom ulike partar i 1997, deriblant Magne Hjelle som no driv Fjordvarme AS, og Nordfjord sjukehus ved teknisk sjef Haugen. Partane har jobba saman med dette fokuset på fjordvarmeanlegget i ei årrekkje. Sjukehuset har optimalisert teknologien til dagens energisentral som består av 12 modulvarmepumper med ein samla effekt på 300 kW. Ved å nytte fjordvarme til kjøling og oppvarming i eit sirkulært økosystem, har sjukehuset redusert energikostnadane sine med 68 prosent sidan 1997, noko som tilsvarar nærare 50 millionar sparte kroner totalt i perioden 1997 til 2022. 
 
Nor​dfjord sjukehus har den einaste MR og CT i Norge, kanskje også i verda, som er fjordkjølt, seier Per Helge Haugen.
 
Med eit snev av humor og god historiefortelling overleverte Haugen ein overtydande presentasjon til stortingsrepresentanten, og i ei utfordring om eige energiforbruk blei Tajik svar skyldig.

Nordfjord sjukehus har klart å redusere sitt energiforbruk frå 405 til 144 kWh per kvadratmeter pr år, og er soleis oppe blant dei mest energieffektive sjukehusa i landet, seier Haugen.

Det ligg eit enormt potensiale for betre utnytting av energikjelda i fjordane rundt oss. Desse er oppvarma av Golfstraumen og har ein kjernetemperatur som er stabil på om lag åtte grader. 

Resultata her ved Nordfjord sjukehus, i til dels eldre bygningar, syner at eit kontinuerlig fokus og engasjement kan skape store moglegheiter også andre stadar.

Det var veldig kjekt å høyre korleis de jobbar her, og ikkje minst høyre dei resultata de har fått til, uttalte Tajik og la til at mange har mykje å lære av dette.

Hadia Tajik er medlem av energi- og miljøkomitéen på Stortinget, og var på besøk i Nordfjord i høve eit møte i det lokale Arbeiderpartiet her. ​

ei gruppe menneske samla i inngangen til sjukehuset

BESØK PÅ NORDFJORD SJUKEHUS: F.v. stadleg leiar Arild Krogh Nøstdal, teknisk sjef Per Helge Haugen, dagleg leiar ved Fjordvarme Magne Hjelle, leiar i Stad Ap Judith Kvåle, varaordførar Siri Sandvik og stortingsrepresentant Hadia Tajik.

ei kvinne og ein mann i lystig prat i eit teknisk rom

GOD STEMNING: Tonen var uhøgtideleg då teknisk sjef Per Helge Haugen presenterte Nordfjord sjukehus sitt fokus på energieffektivisering.​