Styremøte 19. desember 2023

Det blir halde styremøte i Helse Førde tysdag 19. desember. Møtet startar klokka 08.30 og blir halde i styrerommet i 3. etasje, Hildrabygget, Førde sentralsjukehus.

Publisert 12.12.2023
En bygning med en benk foran

Styremøte er ope for publikum og presse.

Styremøte startar med fagleg orientering om:
Brukarstyrt poliklinikk for epilepsipasientar, v/sjukepleiar Solveig Øvrebø.

Sakliste

​Fa​​​ste saker​​​

  • ​Sak 078/2023
    Godkjenning av innkalling og dagsorden, samt spørsmål om habilitet
  • Sak 079/2023
    Godkjenning av protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 23.11.2023
  • Sak 080/2023
    Administrerande direktør si orientering
  • Sak 081/2023​
    Rapportering frå verksemda per november 2023​

Framheva saker

  • ​Sak 082/2023
    Årleg melding 2023 for Helse Førde HF
  • Sak 083/2023
    Budsjett 2024 – Helse Førde HF
  • Sak 084/2023
    Løypemelding økonomiske tiltak
  • Sak 085/2023
    Tenestetilbodet i Florø
  • Sak 086/2023
    Tenestetilbodet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling, og tilbodet ved Tronvik

Saker til orientering​​​

  • ​Sak 087/2023
    Nye Førde sjukehus - løypemelding
  • Sak 088/2023
    Statusrapport om prosjekt i Helse Førde
  • Sak 089/2023
    Eventuelt
    Skriv og meldingar

Lukka del:

Styret si eigenevaluering og vurdering av administrerande direktør blir handsama i lukka møte, jf. Helseføretakslova §26 a, 2. ledd nr. 1

  • Sak 090/2023
    Vurdering av administrerande direktør og regulering av løn

Styret si eigenevaluering 2023

​«Styret sitt kvarter»​

Dokument