Styremøte 28. mars 2023

Det blir halde styremøte i Helse Førde tysdag 28. mars. Møtet startar klokka 08.30 i styrerommet, 3. etasje Hildrabygget, Svanehaugvegen 2, Førde.

Publisert 21.03.2023
Sist oppdatert 23.03.2023

​Styremøte er ope for publikum og presse.

Styremøtet startar med fagleg orientering om Sykehusutvalgets rapport, v/nestleiar Anne Sissel Faugstad.

​Sakliste

​Fa​​​ste saker​​​:

  • Sak 010/2023
    Godkjenning av innkalling og dagsorden
  • Sak 011/2023
    Godkjenning av protokoll frå styremøte i Helse Førde HF 26.01.2023
  • Sak 012/2023
    Administrerande direktør si orientering
  • Sak 013/2023​
    Rapportering frå verksemda per februar 2023​

Framheva saker​​​:

  • Sak 014/2023
    Årleg melding 2022 om likestilling, inkludering og mangfald
  • Sak 015/2023
    Årleg melding 2022 om leiarløn og anna godtgjersle i Helse Førde
  • Sak 016/2023
    Årsmelding 2022 – Helse Førde HF
  • Sak 017/2023
    Årsrekneskap 2022 – Helse Førde HF
    Før vedtak i sak 016/2023 og 017/2023 skal det gjennomførast møte mellom revisor og styret. Møtet er lukka for andre enn styret og revisor, jf. Revisorlova § 2-3.
  • Sak 018/2023
    Styringsdokument 2023 for Helse Førde HF
  • Sak 019/2023
    Leiinga sin gjennomgang 3. tertial 2022
  • Sak 020/2023
    Risikostyring – rapportering​

Saker til orientering​​​:

  • Sak 021/2023
    Nye Førde sjukehus – løypemelding
  • Sak 022/2023
    Miljøstyring i Helse Førde​
  • Sak 023/2023
    Arbeid med tiltak 2023
  • Sak 024/2023
    Eventuelt
    Skriv og meldingar

​​«Styret sitt kvarter»​