Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret vedtok svært stramt budsjett

Styret i Helse Førde vedtok tysdag eit budsjett som er det strammaste på mange år. Styremedlemene gav uttrykk for sterk uro over manglande midlar til investeringar, stor risiko på personalkostnader og ein pengesekk som er for liten i forhold til oppgåvene.

Publisert 20.12.2023
En gruppe mennesker som står ved siden av hverandre
Nestleiar Anne Sissel Faugstad, styreleiar Ole Gunnar Krakhellen og administrerande direktør Arve Varden i ein pause under budsjettmøtet.

-  Helse Førde har mykje å sjå fram til i 2024, ikkje minst med innflytting i nytt sjukehusbygg. Men samstundes er bakteppet diverre ein vanskeleg økonomisk situasjon. Budsjettet for 2024 er noko vi må arbeide med i heile 2024. Og så små investeringar som det vert lagt opp til neste år, kan føretaket ikkje leve med over tid, oppsummerte styreleiar Ole Gunnar Krakhellen.

Utfordring på 130 millionar

Helse Førde startar 1. januar 2024 med eit budsjett på 3,6 milliardar kroner. Utfordringa er å finne innsparingar på kring 130 millionar. Årsaka er for høg styringsfart som følgje av auke i tal tilsette, vekst i kostnader knytt til IKT, medikament, avskrivingar og renter, samt at pris- og lønsveksten ikkje er kompensert heilt gjennom rammene.

-  Vi legg opp til svært små investeringar neste år. Det går for eitt år, men dersom vi er på same stad også neste år, er eg alvorleg bekymra, sa administrerande direktør Arve Varden då han presenterte budsjettet.

Ansvarleg

På same tid som styremedlemene uroar seg for mørke skyer over økonomien, understreka fleire at budsjettet er ansvarleg.

- Som styre må vi opptre økonomisk ansvarleg. Vi kan ikkje bruke meir pengar enn vi har. Innanfor den ramma, ser eg på dette budsjettet som både konstruktiv og offensivt, sa styremedlem Reidar Sandal. 

Nokolunde same tankane gjorde også styremedlem Ivar Eriksen seg: - Vi har fått på bordet eit ansvarleg budsjett. Men det er stramt, og vi kan ikkje halde fram med og ikkje investere i ambulansar, medisinsk-teknisk utstyr og anna som er nødvendig for drifta.

Nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad, var oppteken av dette blir ein svært krevjande år for leiarar nedover i organisasjonen: - Det er leiarane på lågare nivå som står mest i skvis. Det trengst ekstra oppfølging på nivå tre og fire.

Styret ber i vedtaket no om å bli orienterte om status for budsjettet minst ein gong kvart tertial. Her kan du lese styrevedtaket om budsjett 2024 (pdf)

Tiltaka

På styremøtet vart det også orientert om framdrifta i tiltaka Helse Førde arbeider med for å løyse dei økonomiske utfordringane. 

Helse Førde arbeider no med 15 ulike tiltak. Av desse er tiltak knytt til Tronvik og Sunnfjord medisinske senter i Florø dei som har komme lengst med. I høgrespalta finn du presentasjonane til budsjettsaka og tiltaka.

På Tronvik rår administrerande direktør til å avvikle drifta. I Florø skal det arbeidast vidare med nedtak knytt til medisinsk poliklinikk, lærings-, meistringstilbod og fysioterapi, smertepoliklinikk, radiologi og sekretærteneste. Psykisk helsevern sine polikliniske tilbod, ambulansestasjonen og tappestasjon for blodbanken har aldri vore vurderte. Også hudpoliklinikken i Florø blir truleg driven vidare.

Det var ikkje lagt opp til at styret skulle gjere vedtak om Tronvik og Florø på møtet tysdag. Planen er at det skal skje på styremøtet 25. januar.