Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilrår nedlegging på Tronvik og reduksjon i Florø

Administrerande direktør tilrår styret i Helse Førde å legge ned drifta ved seksjon rus døgn på Tronvik frå 1. april 2024. Samtidig tilrår han at nokre tenestetilbod i Florø blir lagt ned eller flytta.

Publisert 12.12.2023
Ein stor bygning med ein plen framfor seg

Foto: Helse Førde

Dei føreslåtte tiltaka trengs for å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene, og Helse Førde har som mål å gjennomføre endringane utan at fast tilsette skal misse jobben.

Tilrådingane både for Tronvik og Florø er ein del av ein tiltakspakke for å skape økonomisk berekraft i helseføretaket, der det som kjent er signalisert eit innsparingsbehov på minst 130 millionar kroner neste år. 

Tronvik

Per oktober 2023 er det 30 heile stillingar fordelt på 52 medarbeidarar ved Tronvik. I og med målet om at ingen fast tilsette skal misse jobben, står Helse Førde framfor ein omfattande omstillingsprosess der alle fast tilsette må få tilbod om andre stillingar i føretaket dersom endringane vert vedtekne på styremøtet i januar neste år.

Bak tilrådinga ligg ei omfattande heilskapleg vurdering, der kapasiteten innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Førde sitt opptaksområde har vege tungt.  Her er vurderinga at Helse Førde framleis kan gje eit forsvarleg tenestetilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), sjølv om ein reduserer kapasiteten på døgnbehandling i eige føretak. Tronvik har i dag 15 døgnplassar, korte ventetider og eit belegg på 65 prosent.


Florø

I Florø har Helse Førde eit tenestetilbod som består av blant anna hud poliklinikk, medisinsk poliklinikk, medisinske sekretærtenester, smertepoliklinikk, læring og meistring (LMS), fysioterapi og radiologi. Alle desse har vore vurdert i prosessen, medan endringar i blodbank, ambulansestasjon og tilboda innanfor psykisk helsevern ikkje har vore vurderte.

Tilrådingane til styret går på å behalde tilbodet om hud poliklinikk, medan tilbodet om medisinsk poliklinikk, radiologi og fysioterapi blir tilrådd nedlagt i Florø. Vidare blir det tilrådd å flytte smertepoliklinikken til sjukehuset i Førde, og det same gjeld LMS-tilboda. Vel ti tilsette blir i varierande  grad berørte av dei føreslegne endringane, i og med at  nokre pendlar frå sjukehuset i Førde eller får ny arbeidsstad der. Ingen av desse, bortsett frå ein person, arbeider full stilling i Florø.
Styret i  Helse Førde blir gjort kjende med tilrådingane i samband med styremøtet neste tysdag. Det er likevel ikkje lagt opp til at endeleg vedtak skal skje før på styremøte i januar 2024.