Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vurderer aktiviteten på Tronvik

Ruseininga på Tronvik er mellom tiltaka Helse Førde vurderer når føretaket no må kutte kostnader. Tronvik er ei regional ruseining og ligg på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Publisert 29.09.2023
Leiinga i Helse Førde varsla i eit møte fredag dei tilsette på Tronvik om at aktiviteten der er eitt av tiltaka føretaket ser på i arbeidet med å spare 100 millionar kroner for å få 2024-budsjettet i balanse. Også tillitsvalde og vernetenesta er informerte. 

- Vi er i ein svært tidleg fase, og eg vil understreke at ikkje noko er avgjort. Når vi likevel valde å orientere dei tilsette, er det fordi vi ønskjer å spele med opne kort overfor medarbeidarane våre i dei vanskelege prosessane og avgjerdene vi står framfor, seier administrerande direktør Arve Varden. 

Han understrekar at ikkje noko er avgjort om framtida til behandlingsstaden ved Sognefjorden. 

tronvik_promo.jpg


- Vi har tre alternativ. Drifta ved Tronvik kan halde fram som no. Men det kan også verte redusert drift, eller, i verste fall, nedlegging. Vi har hatt som mål å styrke drifta ved Tronvik ved å utvide tilbodet med fem nye regionale plassar i 2023, men det har over tid vore svært vanskeleg å rekruttere legar til Tronvik. Det gjeld både spesialistar og legar i utdanning. 

Helse Førde-sjefen har også orientert leiinga i Høyanger kommune og Helse Vest. 

Tronvik er ein tradisjonsrik behandlingsstad innan psykisk helsevern. Institusjonen opna i 1956, då under namnet Tronvik fylkessjukeheim. I dag er Tronvik ein regional rusinstitusjon med 15 sengeplassar og 37 årsverk. Hovudtyngda av pasientar kjem frå andre stader enn Sogn og Fjordane.  

- Det er svært tungt å gje slike meldingar til medarbeidarar i eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi håpar sjølvsagt at det kjem meir pengar i statsbudsjettet, men slik situasjonen er no må vi snu alle steinar, seier Varden. 

 

Kontaktperson for media: administrerande direktør Arve Varden 992 19 352