Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Ei sak vi gjerne skulle vore forutan

Det var eit prega og alvorstungt Helse Førde-styre som torsdag 25. januar vedtok å legge ned ruseininga på Tronvik. - Dette er ei sak vi gjerne skulle vore forutan, sa styreleiar Ole Gunnar Krakhellen da han innleia styret sin diskusjon om saka.

Publisert 26.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe personer i et møte
Med sju mot fire røyster vedtok styret å legge ned rusposten på Tronvik.

Krakhellen var ein av fleire i styret som berømma dei som har kjempa for å bevare rusinstitusjonen.

 - Sakleg og godt engasjement

 - Vi har hatt ein open prosess rundt dette. Engasjementet har vore stort, men sakleg og godt, sa Krakhellen. Han peika på at det er styret sin jobb å prioritere innanfor rammene, og såg ikkje at det vil kome større endringar i desse i nær framtid.
- Bakteppet for saka er vanskar med å rekruttere og ein bygningsmasse som vil vere krevjande i framtida. Helse Vest skal sikre eit forsvarleg tilbod i rusomsorga i regionen, og alt i alt meiner eg det rette er å følgje tilrådinga som ligg føre, sa Krakhellen. 
Også styremedlem Reidar Sandal understreka at dette er ei tung sak. 

- Kan ikkje bruke pengar vi ikkje har

- Eg trur at ingen, korkje i styret eller i administrasjonen, tek lett på denne saka, sa Sandal. - Eg har stor respekt for arbeidet som blir gjort på Tronvik, og dei tilsette har
målbore sine synspunkt sterkt og sakleg. Eg vil gje honnør til dei, det har gjort inntrykk på meg. Sjølv om Helse Vest meiner kapasiteten vil bli god nok i framtida, er eg uroleg for at dei pasientane som treng det aller mest kanskje ikkje får like god behandling i framtida. Eg trur ingen ville støtte ei nedlegging dersom rammebetingelsane var til stades. Men vi kan jo ikkje bruke pengar vi ikkje har, og det er styret si plikt å ta standpunkt. Eg sluttar meg til framlegget som ligg føre. 
Styret i Helse Førde vedtok framlegget om å legge ned aktiviteten på Tronvik med sju røyster, medan dei fire tilsetterepresentantane røysta mot nedlegging.