Brukarmedverknad gir betre forsking

Når Helse Førde inviterer brukarar med inn i helseforskinga si, så er det med og betrar både kvalitet og relevans i forskinga. Med meir kunnskap og innsikt om brukarmedverknad - kan vi bli endå betre.

Publisert 20.05.2024
Sist oppdatert 21.05.2024
Ei gruppe menneske som poserer på eit bilde

Foto: Helse Førde

Forskingsresultat får større verdi og blir raskare teke i bruk når den blir opplevd som nyttig for pasientar og pårørande. Kreftavdelinga, som skal i gang med eit stort prosjekt, trur at brukarmedverknad blir særs viktig. Dette prosjektet skal utvikle digitale pasientforløp ved kreft poliklinikken. Målet er å tilby betre personleg oppfølging av symptom og behov gjennom sjukdommen. (MyPath)  

Brukarutval og brukarmedverking 

Magne Sellevold er medlem i brukarutvalet i Sogn og Fjordane. Utvalet bidreg med sin kunnskap som grunnlag for å utforme og gjennomføre helsetenester. Det inneber mellom anna å aktivt medverke til utvikling, innovasjon og forbetring av tenestene. I tillegg deltek  Sellevold som brukarmedverkar i ei prosjektgruppe som ser på infrastruktur og kompetansebygging for Kliniske behandlingsstudiar i Helse Førde.   

Kva motiverer deg til å medverke så aktivt?  

- Eg er oppteken av at innbyggjarane i Helse Førde sitt område skal få like gode tilbod som elles i landet når det gjeld å delta i kliniske studiar og heiar på å få fleire studiar gjennom kompetansebygging lokalt, seier Sellevold.

Et par menn poserer for kameraet
Bilde frå venstre: Magne Sellevold og Dr. Stein Kaasa frå oppstartsmøte i Mypath i Førde. Kaasa er nasjonal prosjektleiar for MyPath -Matrix  

Å vere ein brukarmedverkar betyr ikkje at du er den det blir forska på, men at du er ei stemme inn i forskingsprosjektet og gjev innspel og tilbakemeldingar frå din ståstad og ditt perspektiv. Det Helse Førde ønskjer er at brukarar skal vere med i alle fasar i eit forskingsprosjekt, frå idé til formidling av resultat. Å auke kunnskap og innsikt i korleis føretaket kan komme dit, er ein god start.

Helsepersonell, brukarar og forskarar på same kurs 

Nyleg deltok Magne Sellevold og kreftsjukepleiar og doktorgradsstipendiat i Helse Førde, Kristin Vassbotn Guldhav på eit tre-dagars kurs i brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking. 

Ei gruppe menneske som poserer på eit bilde

Foto: Helse Førde

Bilde frå venstre: Dr. Bettina Ryll (grunnlegger av Melanoma Patient Network Europe og medlem av det første EU Cancer Mission Board), Elisa Bjørgo (administrerende leiar i det nasjonale senteret for kliniske kreftforskning MATRIX), Magne Sellevold, (representant for Kreftforeningen i brukerutvalet i Sogn og Fjordane) og  Kristin Vassbotn Guldhav (PhD-stipendiat/kreftsjukepleiar frå Helse Førde)

Formålet med kurset var tredelt. Å gje forskarar innsikt i korleis dei kan legge til rette for god brukarmedverknad i forskinga si, lære helsepersonell om korleis dei kan bli flinkare til å innlemme brukarane si stemme i sitt arbeid, og auke brukarmedverkarar si forståing om korleis dei kan bidra.

– Det å vere ein aktiv bidragsytar inn i forsking krev både kunnskap og erfaring. Det kan vere utfordrande for oss medverkarane å seie kva vi meiner i møte med fagekspertar og forskarar, seier Sellevold.

Gjennom kurset fekk dei lære meir om samarbeid i forsking og rolleforventning frå både nasjonale og internasjonale forskarar. Viktig var også å høyre erfaringar frå brukarar frå ulike pasient- og brukarorganisasjonar om deira medverknad.

Både Sellevold og Guldhav meiner at meir innsikt og kunnskap er ein nøkkel til å lukkast i forskingssamarbeidet.

- Det er ikkje alltid lett, korkje for forskar og brukarmedverkar, å vite korleis ein kan nytte kvarandre. Kurset var difor svært relevant for å forstå korleis vi kan samarbeide, avsluttar dei.

 

 

Fakta:

Kurset var eit samarbeid mellom Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) ved Universitetet i Bergen, dei nasjonale forskingssentera MATRIX, Neuro- SysMed, REMEDY, NorHead, NorCrin og FORMI. 

 Verdsdagen for kliniske studiar