Den store flytteveka

Denne veka har vore den første av fleire store flytteveker i Helse Førde. Det siste barnet har sett sitt første dagslys på den gamle fødeavdelinga, og den første i den nye avdelinga kom til verden torsdag. Operasjon, sterilsentral, kvinneklinikken og barne- og ungdomsavdelinga har alle teke i bruk nye lokale i Livabygget. Men det første som skjedde var at Helse Førde opna ny observasjonsavdelinga i Svanabygget, den gamle hovudblokka.

Publisert 20.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe personer i et rom
Det var mange små og store bukkar som skulle over brua til Livabygget.

Observasjonspost

Posten er svært etterlengta og ein viktig milepåle. Seksjonsleiar ved akuttmottaket Tom Ole Dyrstad, sa i velkomstorda at dette var eit spennande prosjekt, der dei hadde gjort seg mange og ulike erfaringar undervegs.

Administrerande direktør Arve Varden opna posten

- Vi har lenge kjent på behovet for å kunne modernisere akuttmottaket og det er ein milepæl å endeleg kunne opne observasjonsposten, sa han.

Varden understreka at det er lagt ned eit stort arbeid over tid for å komme dit vi er i dag:

- Det er fantastisk å sjå kor mykje ein har fått ut av dette vesle arealet. No står moderniseringa av akuttmottaket og intensivavdelinga høgt på blokka når det gjeld å få midlar til å komme vidare i moderniseringa.

Dei oppmøtte hadde knapt fått i seg kake og kaffi før den første pasienten var på plass. Seks senger totalt fordelt på tre rom, der eit fellesrom vil ha pasientar av begge kjønn. Det vert lagt opp til eit nært samarbeid mellom akuttmottaket og observasjon noko som gjev rom for stor fleksibilitet.

- De har gjort ein kjempejobb for at vi er her i dag. Det har også tilsette, tillitsvalde og vernetenesta gjort, som har hjelpt oss med å finne dei gode løysingane.

Ny operasjonsavdeling og sterilsentral

Dei første operasjonane i Livabygget vart gjennomført tysdag, og alle med normale resultat.

- Det var lagt opp til at det kunne bli utfordringar med alt det nye tekniske utstyret. Dagsprogrammet vart lagt opp slik at alle fekk førebu seg på ein god og trygg måte. Vi fekk så absolutt ein vellukka start, seier avdelingssjef Bjørn Morten Øen.

Både eige og eksternt teknisk personale var til stades og hjelpte til under førebuingane. Operasjonane, to barn i stove 10 og ein vaksen i stove 3, vart grundig førebudde.

Onsdag flytta operasjon all sin beredskap inn i nybygget, og det var offisiell opning av den nye operasjonsavdelinga og sterilsentralen. – Det er 45 år sidan sist det vart opna ei operasjonsavdeling ved Førde sentralsjukehus, minna avdelingssjef Bjørn Morten Øen om.

Dagen etter at dei første operasjonane blei utførte, var det altå klart for gode ord og kaker på «a room with a view», pauserommet på avdelinga med utsyn mot uteområdet på sørsida, Farabygget og Hafstadfjellet.

Og nett dei nye, lyse, moderne og trivelege lokala vart trekte fram under opninga.

- Dette blir ei heilt ny verd, sa Øen. Han la stor vekt på den imponerande innsatsen som har blitt gjort av mange for at vi har komme dit vi er i dag. Øen la ikkje skjul på at det har vore utfordringar undervegs. – Og nokre utfordringar har vi framleis, men dette skal vi få til.

Øen nytta også høvet til å fokusere på sterilsentralen som held til i etasjen under:

 - Dei er nesten usynlege i kvardagen, men eigentleg er dei motoren i avdelinga.

Administrerande direktør Arve Varden trekte fram historia bak bygginga av operasjonsavdelinga og sterilsentralen og føresetnadene som til sist vart lagt til grunn.

- Spørsmålet om kapasitet på operasjonsavdelinga var utgreidd i fleire fasar. Det var ein grundig prosess, og i dag trur eg ingen angrar på at vi enda med å bygge ti operasjonsstover, meinte Varden.

Kvinneklinikken og barne- og ungdomsavdelinga

- Kvinne- og barn-medisin er no samla her i femte etasje, og det er vi glade for, sa avdelingssjef i kvinneklinikken, Trude Folkestad på opningsmarkeringa. - Flyttinga har gått heilt fint, og no gler vi oss til å bli naboar med barne- og ungdomsavdelinga.   

Den første pasienten kom flyttedagen til nyfødd-intensiven, og den siste babyen som vart fødd i Svanabygget kom natt til onsdag i firetida. Torsdag kom den første babyen til verda.

- Einerom for fødande, moderne fødestover, ein oppdatert nyfødd-intensiv, familierom, leikerom og leikepark, i sum har vi fått til mykje, sa adm. direktør Arve Varden.

- Det var ikkje sjølvsagt at vi skulle bygge nye sengepostar, men eg er utruleg glad for at vi valde å gjere det. Når eg ser korleis vi har fått det her i femte etasje, så viser òg det at det var heilt rett å bygge Livabygget i ni etasjar, sa Varden.

- Det er grunn til å gratulere oss sjølve for det vi har fått og til. Alle tilsette fortener ros for den formidable jobben som er gjort. Det gjer òg byggeprosjektet som har lytta til innspel, sa Varden.

Leika seg over i Livabygget

Alt som skal til for å lage ein fin fest var på plass då kvinne-barn flytta inn i sin femte etasje i Livabygget. Ballongar, klovnar, eventyr og bollar. Og ikkje minst mange gjestar med godt humør.