ny doktorgrad

Disputas: Korleis fremje tillit og endring i tidleg psykoterapi

Kristina Osland Lavik disputerer 18. oktober 2024 for ph.d.-grada ved Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga "The first five sessions study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists". Forskinga er klinikknær og klinikkrelevant, og vil vere av stor interesse også for kliniske medarbeidarar.

Publisert 08.10.2024
Portrett av ei kvinne med blondt hår

Foto: David Zadig/Senter for helseforsking

Psykolog i Helse Førde, Kristina Osland Lavik, disputerer for ph.d.-grad 18.10.24

Psykiske lidingar er ei av dei største folkehelseproblema i vår tid og fører med seg store personlege og samfunnsøkonomiske kostnadar. Psykologisk behandling i form av samtaleterapi er ei effektiv behandling for psykiske lidingar, men ikkje for alle. Forsking syner at ein tredjedel av pasientar ikkje blir betre, 5-8 % prosent blir verre, og mange forlèt behandlinga før den er ferdig.

Terapirelasjonen er ein viktig årsak til dette. Svake terapirelasjonar påverkar behandlinga negativt og aukar sjansen for at pasienten droppar ut, medan sterke og gode relasjonar fører til betre effekt av terapi. Det finns likevel lite praktisk kunnskap om korleis gode terapeutiske relasjonar skapast.

Denne doktorgradsavhandlinga utforskar korleis terapirelasjonar utviklar seg i løpet av dei fem første timane. Avhandlinga inkluderer ein systematisk litteraturgjennomgang og meta-analyse av tidlegare forsking, og ein videoassistert kvalitativ studie med 12 pasientar og 12 terapeutar. Datamaterialet består av 22 videofilma terapitimar og 47 djupneintervju. Det doble perspektivet, der ein integrerer opplevingar frå både pasientar og terapeutar, gir innsikt i kva som fungerer, og ikkje fungerer, når terapidyaden møter ulike situasjonar og utfordringar.

Funna er relevante for praksisfeltet og viser korleis behandlarar kan identifisere og reparere relasjonsbrot, uavhengig av terapeutisk tilnærming. Funna gjev ny og viktig kunnskap om kva som fremjar eller hindrar gode terapirelasjonar og korleis ein kan gjere psykologiske behandlingar betre og meir effektive.

Tidspunkt og stad for prøveforelesing

Emne: Relasjonen og alliansens betydning i korttids- vs. langtids psykoterapi

Tid: 18. oktober kl. 09.15 - 10.00

Stad: Midgard (aulaen) i Alrek helseklynge, Årstadveien 17, 5009 Bergen.

Tidspunkt og stad for disputas

Tid: 18. oktober kl. 10.30-13.30

Stad: Midgard (aulaen) i Alrek helseklynge, Årstadveien 17, 5009 Bergen.

Om kandidaten

Kristina Osland Lavik (f. 1990) er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen (2012-2017) og jobbar som psykolog i Helse Førde. Ho er tilknytta Forskerskole i klinisk psykologi og utviklingspsykologi (CDP) ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, UiB. Hovudrettleiar er Professor Christian Moltu ved Høgskulen på Vestlandet og forskingssjef Psykisk helsevern i Helse Førde. Professor Marius Veseth ved Institutt for klinisk psykologi, Universitetet i Bergen er medrettleiar.