Elevar laga kunst til treningsrom

I september i fjor fekk elevar ved Førde vidaregåande skule i oppdrag å utsmykke treningsrommet til fysikalsk medisin i Svanabygget. Det nyrenoverte rommet var prega av strenge kvite veggar og romklang. No har elevane levert, og kunstverket blir presentert på ein vernissasje 20. juni.

Publisert 07.06.2024
Sist oppdatert 14.06.2024
Ei gruppe menneske som sit i eit rom

Foto: Helse Førde

Dei tolv elevane som har arbeidd med kunstprosjektet går alle ved vg2-linja kunst, design og arkitektur. Elevane fekk i oppdrag å lage eit lydabsorberande kunstverk basert på temaet natur. Dei har jobba metodisk med farge, form og materialar. I Helse Førde har prosjektet vore følgt opp av rådgjevar Gitta Sas, kunstfagleg konsulent Saskia Burleson og Liv Steinbakk Krognes frå brukarutvalet 

Det vart sett opp fleire, både praktiske og estetiske krav til kunstverket, som elevane skulle ta omsyn til. Kunstverket skulle mellom anna sjåast i samanheng med sjukehuset sin eksisterande kunst. På  denne måten skulle verket formidle fortid, notid og framtid, og dessutan medverke til ein atmosfære av energi og rørsler. 
 

Arbeidsprosessen 

Elevane gjekk gjennom ein prosess som starta med ei inspirasjonsomvising, der elevane fekk sjå ulike kunstverk plasserte i Svana- og Dagabygget. Dei fekk også gjort seg kjende med rommet som skulle utsmykkast. Deretter skisserte dei fleire alternative design i kombinasjon med eksperiment i farge- og materialbruk, der dei også forska på lydabsorberande materiale.  

Ved årsskiftet leverte elevane fire ulike framlegg til design. Med vekt på farge, material og kva som passar best til arkitekturen og brukaren, valde Helse Førde eitt av dei.  

Ei gruppe som står i og ser på eit kunstverk

Foto: Helse Førde

Saskia Burleson, kunstfagleg konsulent presenterer verk frå den store  kunstsamlinga i Helse Førde til elevane. 

Idéen som vann fram   

Designet som vart valt har i følge prosjektleiinga eit spesielt fint fargeval i kombinasjon med dei gule dørene i treningsrommet. På måten kunstverket er plassert, ser vi ei roleg rørsle som tek omsyn dei ulike brukarane. Designet går frå vegg til golv, noko som fungerer svært godt. Denne idéen arbeidde elevane vidare med for å plassere og tilpasse designet til rommet, slik at det ikkje vart for mykje eller for lite. 

Bilde av eit kunstverk

Foto: Førde vidaregåande

Illustrasjon av designet som vart føretrekt og som det vart jobba vidare med.

- Prosjektet gir nyttig erfaring for elevane. Dei får god innsikt i kva eit eksternt oppdrag kan vere. Det som er spesielt med dette samarbeidet er at prosjektleiinga i Helse Førde har ein kunstfagleg bakgrunn. Det gjer det ekstra spennande for oss at det er så fagleg forankra, sa lærarane Svein Myklebust og Karoline Vie då prosjektet starta opp i haust.   

Lærarane var heilt trygge på at elevane ville lukkast med å gjennomføre oppdraget. 
- Det er ein god klasse med i dette prosjektet, og vi forventar at det blir ein grundig arbeidsprosess og mykje engasjement, sa Myklebust. 

 

Eigruppe som møtast i eit rom

Foto: Helse Førde

Elevane gjer seg kjende med rommet dei skal smykke ut.