Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endringar i haldeplassar ved Førde sentralsjukehus

Frå og med 5. februar 2024 vert bybussen og flybussen sine haldeplassar ved sjukehuset lagt om. Bakgrunnen er trafikale utfordringar i området.

Publisert 31.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En buss på veien
Bybussen og flybussen skal ikkje lenger nytte haldeplassen inne på sjukehusområdet. Reisande til og frå sjukehuset med desse bussane må istadenfor bruke haldeplassane i Vievegen.

Bybussen og flybussen skal ikkje lenger nytte haldeplassen inne på sjukehusområdet. Reisande til og frå sjukehuset med desse bussane må istadenfor bruke haldeplassane Hatlehaugen, som frå same dato skiftar namn til «Førde sentralsjukehus Vievegen». Desse haldeplassane ligg ca. 100 - 150 meter frå dagens haldeplass. Det er gangveg frå hovudinngangen på sjukehuset til haldeplassane. 

Det vert samstundes innført perrongbokstavar på haldeplassane i området, slik at desse vert som følger:

  • Førde sentralsjukehus Vievegen A (retning mot sentrum)
  • Førde sentralsjukehus Vievegen B (retning mot Vieåsen)
  • Førde sentralsjukehus C
  • Førde sentralsjukehus D 
Kart med haldeplassane avmerka.
Kart der haldeplassane ved sentralsjukehuset er merka med bokstavane A,B,C og D.

Førde sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i den nordlege delen av Vestland fylke, og haldeplassen som no vert heitande Førde sentralsjukehus C har vore svært mykje brukt. 

– Krysset Vievegen / Svanehaugvegen har skapt utfordringar med tanke på trafikk- og ruteavvikling, seier pressekontakt Øyvind Strømmen i Skyss. – Med denne omlegginga vil bussane lettare halde rutene sine, til fordel for alle som reiser med desse i Førde.

Frå sjukehuset si side har det vorte sett på som positivt med ei omlegging, både når det gjeld trafikktryggleik for gåande og med tanke på dei trafikale forholda. 


– Vi har sett at denne omlegginga måtte komme, seier direktør for Drift og eigedom i Helse Førde, Helge Robert Midtbø. – Passasjerar til og frå sjukehuset får nokre meter lenger å gå til bussane, men trafikktryggleiken blir betre. 


Busslinjene 100 (Måløy), 110 (Stryn) og 830 (Øvre Årdal) skal framleis nytte haldeplassane inne på sjukehusområdet etter omlegginga. 

 

Haldeplassar rundt sjukehuset

Førde sentralsjukehus Vievegen perrong A (retning mot sentrum):
•    Linje 201 bybuss
•    Linje FB59 flybuss


Førde sentralsjukehus Vievegen perrong B (retning mot Vieåsen/Brulandsvellene):
•    Linje 201 bybuss
•    Linje FB59 flybuss


Førde sentralsjukehus C:
•    Linje 250 Florø - Grov - Eikefjord - Naustdal - Førde
•    Linje 272 Skei - Førde
•    Linje 820 Sogndal – Hella – Høyanger – Vadheim – Førde


Førde sentralsjukehus D:
•    Linje 100 Måløy – Nordfjordeid – Sandane – Byrkjelo – Skei – Førde
•    Linje 110 Stryn – Byrkjelo – Skei – Førde
•    Linje 830 Øvre Årdal – Sogndal – Skei – Førde


Linjene som brukar haldeplassane C og D, vil i fleire tilfelle også bruke haldeplassane i Vievegen. Sjå reiseplanleggar for detaljar.