Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleire brukar digitale helsetenester

Stadig fleire av konsultasjonane i Helse Førde blir gjort via telefon eller video. Det er også ein kraftig auke i andre typar digitale kontaktar. Slik kan mange pasientar unngå ei sjukehusreise som ofte er lang, tidkrevjande og kostbar.

Publisert 04.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En mann i blå dress
Gledeleg utvikling, meiner administrerande direktør Arve Varden: Vi nærmar oss målet på 15 prosent digitale konsultasjonar. Helse Førde låg på 11,2 prosent i 2023. I fjor vart 19650 konsultasjonar gjennomført digitalt.

I 2023 vart 19650 konsultasjonar i Helse Førde gjennomført digitalt, noko som er ein auke på 2350 frå året før. 11,2 prosent av alle konsultasjonar vart gjennomførte ved hjelp av video eller telefon. Det er eitt prosentpoeng meir enn året før.

- Utviklinga er gledeleg. Vi skal bruke digitale verktøy så sant vi kan gje like god helsehjelp som ved fysiske konsultasjonar. Det sparar tid for pasientar og reduserer reisebelastning. Helse Førde sparar pengar på reiser og, i mange tilfelle, også personalressursar, seier administrerande direktør Arve Varden.

Det er naturleg nok stor forskjell mellom dei ulike fagområda, avdelingane og klinikkane når det gjeld bruk av video og telefon. Prosentvis er bruken størst i psykisk helsevern. Auken i 2023 er størst i kirurgisk klinikk og talet konsultasjonar er størst i medisinsk klinikk.

- Nasjonalt og regionalt er det eit mål om 15 prosent digitale konsultasjonar. Det viktige er at alle fagområde vurderer nøye kor tid det er mogeleg og riktig å bruke digitale verktøy. Då vil vi over tid sjå at bruken aukar, seier Varden.

Grovt sett kan digitale helsetenester delast inn i digitale konsultasjonar på telefon eller video og digitale kontaktar, i hovudsak skjemasvar, avlesing og tolking av fjernrapporterte data og nettbasert behandling. Talet digitale kontaktar auka frå vel 800 i 2022 til vel 2500 i 2023. 

- Dette er eit område der vi også forventar auke i åra som kjem, seier Varden.

 Største auken i 2023 er knytt til at vi les av data frå diverse medisinsk-teknisk utstyr som pasientane har med seg heim. Dette kan vere CPAP (oksygenmaske), pacemaker eller ICD (implantert hjartestartar), insulinpumper og sensorar. Helse Førde arbeider også med å innføre behovsstyrte poliklinikkar på mange område. Det betyr i praksis at sjukehuset vurderer behov for konsultasjon utfrå data som pasienten sjølv rapporterer inn.

- Det er kanskje her vi trur bruken vil auke aller mest framover, seier Varden.