Følgjer opp pasientar med søvnapné på avstand
Pustestopp øydelegg søvnen for mange, og kan også medføre alvorleg sjukdom. No er det mogeleg å få hjelp på avstand. Om lag 1000 pasientar som får behandling for søvnapné i Helse Førde får oppfølging digitalt.
Pustehendingar under søvn (søvnapné) skuldast tronge forhold i øvre luftvegar og kan, ubehandla over tid, auke risiko for hjarte- og karsjukdom og diabetes. I tillegg kan dei som lir av det, fungere dårlegare på dagtid med konsekvensar for livskvalitet, jobb eller skule. Nokre handterer kanskje arbeidsdagen bra, men maktar ikkje å fungere i heimen eller å delta på hobbyar på kveldstid. Tilstanden fører også til at mange partnarar slit med dårleg søvn.
Den mest brukte behandlinga er ein kompressor kopla til nase og ansikt med maske og luftslange (CPAP), som pasientane nyttar om natta heime. Lufttrykket når fram til svelget, held luftvegane opne og reduserer tal pustehendingar i løpet av natta.
1000 av 2500
Det er over 2500 pasientar i Helse Førde sitt nedslagsfelt som brukar CPAP. Om lag 1000 av desse får no oppfølging digitalt hos ØNH SøvnLab ved Førde sentralsjukehus. Dei har i to år brukt teknologi som gir dei høve til å lese av søvnresultat og stille inn utstyret på avstand, for dei som får CPAP-behandling.
- Maskina deira sender resultat, trygt via mobilnettet, som vi kan vurdere. Vi opplever at brukarane er meir tilfredse med denne oppfølginga, og at dei føler seg tryggare. Den viktigaste fordelen frå vår side er at vi har tilgang til objektive data på behandlinga og kan hjelpe brukarane utan at dei treng vere heime frå arbeid, sitte framfor maskina eller treng komme hit. Dette sparer tid for begge partar og gjev redusert fråvær frå arbeid og reduserte transportkostnader, seier ansvarleg ved SøvnLab, Olaug Hanne Espeland.
Tett oppfølging
Pasientane som byrjar med CPAP blir som minimum følgde opp etter 1-2 månader og etter eitt år. Alle blir følgde så tett som nødvendig for at behandlinga skal lukkast både på kort og lang sikt.
- AirView, som er det digitale verktøyet vi brukar, bidreg klart til færre oppmøte på sjukehuset. Treff vi med maskevurderinga på tilpassinga, kan kontakten vidare for nokre bli berre via AirView og telefon. Dei fleste pasientane har behov for meir enn eitt oppmøte. Både for å sikre at informasjonen dei fekk har omsett seg i rett teknisk bruk, og for å optimalisere effekt og utstyr til den enkelte.
Gje nødvendig helsehjelp
Ein del pasientar treng oppmøtekontroll og faste kontrollar i større grad enn andre. Det kan ha med fleire faktorar å gjere. Alder, endringar i pustemønster, vekt og helsetilstand, tilleggssjukdomar, behov for tryggleik, pårørande, høyrsel ved telefonavtalar og digital kompetanse er døme på slike faktorar.
- AirView gjer at vi kan halde eit auge med desse òg mellom kontrollar. Målet er ikkje å bli heil-digitale, men å yte nødvendig helsehjelp slik at dei pasientane som kan, meistrar behandlinga på eiga hand inntil dei har behov for oppfølging, seier Espeland.