Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Førde sentralsjukehus testar ut farmasitun

No i vår skal det første farmasitunet i Helse Vest-regionen testast ut på sentralsjukehuset i Førde. Dette nyskapande tiltaket på legemiddelområdet kan auke pasienttryggleiken og spare tid for sjukepleiarane.

Publisert 11.04.2024
En bygning med parkeringsplass


Farmasitunet er eit eige lokale i sjukehuset der ein samlar, organiserer og utfører spesialiserte oppgåver som gjeld handtering av legemiddel, eit slags avansert medisinrom som ligg plassert tett opp til pasientbehandlinga på sengepostane.

Må tenkje nytt om legemiddelhandtering 

I farmasitunet skal medarbeidarar hovudsakleg frå  sjukehusapoteket i Førde ivareta legemiddeloppgåver som tradisjonelt har blitt utført av sjukepleiarar. Det at apotekteknikarar og farmasøytar frå sjukehusapoteket bidreg på denne måten, er heilt nytt.  

- Vi må tenke på andre måtar når det gjeld legemiddelhandtering. Farmasitun kan frigjere tid for sjukepleiarar til å gjere andre pasientnære oppgåver, tid som dei i dag brukar på å klargjere legemiddel, seier direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde, Trine Vingsnes, som understrekar at dette også handlar om pasienttryggleik.

- Farmasitun er ein måte å møte dei utfordringane som kjem i framtida på. Det blir fleire pasientar, fleire former for avansert behandling av legemiddel og samla sett eit større volum av legemiddel i pasientbehandlinga. 

Startar med to sengepostar

I løpet av april startar farmasitun-piloten på sengepostane på kirurgisk og medisinsk  avdeling på Førde sentralsjukehus. Målet er at alle sengepostar blir inkludert i ordninga før flytting til det nye Livabygget seinare i 2024.

Administrerande direktør Tonje Folkvang i Sjukehusapoteka Vest er svært nøgd med at sentralsjukehuset i Førde vil prøve farmasitun. 

- Vi trur farmasitun blir ein del av framtidas handtering av legemiddel i sjukehusa. Det er ein god måte å bruke og utnytte kompetansen best råd, med eit potensiale for vinn-vinn både for pasientar, farmasøytar og anna helsepersonell, seier Folkvang, som forklarer nærare kva oppgåver som ligg til eit farmasitun. 

Først i Helse Vest

- Her blir legemiddel lagra. Apotekpersonalet gjer klar medisinane til pasientane i traller som skal ut til pasientar på sjukehuspostane i løpet av døgnet. I den vidare utviklinga av piloten er det planlagt at ein óg skal lage legemiddel som må blandast ut, kort tid før det skal brukast på sengepostane, fortel Folkvang.

Sentralsjukehuset i Førde blir det første sjukehuset i Helse Vest som testar ut farmasitun. Radiumshospitalet i Oslo har starta med det, mens Oslo universitetssjukehus (OUS) har farmasitun med i planane når dei byggjer nytt sjukehus.

- Med piloten vil vi få erfaring i, og kunnskap om, korleis det fungerer å samle legemiddelhandteringa på denne måten, og om det faktisk blir slik at sjukepleiarar får avlastning for oppgåver dei har utført tidlegare, avsluttar Vingsnes.