Forskar på postoperativ smertebehandling

Forskingsprosjektet «Smerte etter kirurgi» i Helse Førde er no starta opp. Det betyr at alle pasientar som skal opererast i kirurgisk, ortopedisk og gynekologisk avdeling i Helse Førde i 2024 og 2025, vil motta SMS som dei skal svare prosjektet på etter operasjon.

Publisert 23.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Boblediagram
Logo

Pasientane rapporterer såleis sjølv inn data til prosjektet, og dei blir kontakta direkte første gong tre veker før dei skal til operasjon. 

Etter operasjon skal deltakarane i prosjektet rapportere om smertegrad, eller kor vondt dei har det, i opptil tre måneder. 

Målet med prosjektet er å finne ut kva som er risikofaktorar for å få mykje eller langvarig smerte etter ein operasjon. Desse risikofaktorane kan nyttast til å predikere kven som har høg risiko for å få smerter. På sikt kan ein slik risikoprediksjon vere eit bidrag til å identifisere pasientar med høg risiko, slik at dei kan få tilpassa behandling. 

Det vil komme meir informasjon om prosjektet på helse-forde.no og på nettsida til prosjektet, www.mapip.no.